Beite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grisar på beite i New Forest i England.
Inngjerda sauer beiter i Vaucluse i Frankrike.

Beite er eit område der husdyr kan gå rundt og fritt eta plantar på rot. Ulike område kan brukast til beite på meir eller mindre permanent basis. Beite er den opphavlege måten å fôra dyr på, men kan på grunn av til dømes klima eller industrialisering vera heilt eller delvis erstatta av innhausta eller industrielt tillaga fôr. Nokre vanlege beitedyr er geit, sau, hest, storfe og reinsdyr.

Ulike typar beite[endre | endre wikiteksten]

Naturbeite eller utmarksbeite viser til udyrka beitemark som er lite påverka av menneske gjennom gjødsling, grøfting eller pløying. Denne typen beite er særleg vanleg i skog og fjellterreng, til dømes på ei allmenning. Kulturbeite viser til beite som er tettare stelt, til dømes gjennom gjødsling, pløying, såing og så bortetter. Denne typen beite kan også vera utmark, men ein ein kan også bruka fulldyrka mark. Kulturbeite kan vera ein av fleire måtar å bruka areal på i ein årssyklus.

Ein kan også skilja mellom skog- og fjellbeite på den eine sida og heimebeite på den andre. Beiteområdet, særleg hagebeitet, kan vera innhegna, til dømes i typar som hamnehage eller hestehage. Andre beite har ikkje gjerde eller andre bygde stengsel, men kan nytta ulike system, for å halda styr på beitedyra, som gjetarar eller å plassera beitedyra på eit avsondra område som ei øy.

Lovverk[endre | endre wikiteksten]

Kvar dyr kan beita og ikkje har vore spørsmål innanfor mange lovverk. I Noreg regulerar til dømes Beitelova ansvaret dyreeigarar har om dyr gjer skade ved å beita på område dei ikkje skal.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Beite