Seter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seter i Lesja i Gudbrandsdalen.
Foto: EnEdC
Kyr på seterbeite i Valais i Sveits
Foto: Michael Schmid

Seter eller støl (støyl) er eit fjøs med tilhøyrande bustadshus som høyrer til ein gard, men som ligg langt vekk frå garden, og er meint for å nytte ut dei beita i fjell- eller skogsområda som elles ikkje kunnne nyttast om dyra hadde stått på garden. Setrene eller stølane vart til vanleg berre nytta i sommarsesongen. Setre eller stølar har det vore på fjellet, som til dømes i Vestlandsfjella og i fjellstroka mellom dalane på Austlandet, men òg i til dømes i skogsområda på Austlandet. Flyttinga av dyr og utstyr frå garden og opp til setra på forsommaren og attende om hausten, gjekk ofte i uvegsamt terreng, og vegen kunne verte lang, ettersom seteren som oftast låg langt vekk frå bygda og den garden som setra høyrde til. Somme gardar hadde dessutan to setrar som vart nytta til ulike tider av sommaren, slik at dyra vart flytta frå den eine setra til den hine i løpet av sommaren. No til dags er det for det meste slutt på all setring her i landet, og setrene er difor tekne ut av bruk og vorte til sumarhus, eller får stå til nedfalls.

Setrene låg vanlegvis samla i grender, setergrender. Kring seterbygningane var det ofte rydda setervoller som vart nytta til nattbeite og/eller slått. I tidlegare tider vart mjølka kinna til smør og ysta til ost på setra, og soleis frakta til bygda som ferdige og haldbare produkt. Fôret frå utmark og setervoll vart lagra på setra og henta på vinterføre, eller buskapen kunne i somme høve verte ført til setra om vinteren for å nytte fôret.[1] Fôrsankinga omfatta tradisjonelt gras (høy), lauv og lav.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ivar Aasens Ordbog definerer sæter slik: «en afsidesliggende Græsgang med en Sommerhytte, hvori koernes Mælk bliver tilberedt til hjembringelse». Sæterbol: «Sæterplads med dertil hørende Huse, betragtes som Eiendom».[2] Falk og Torps etymologiske ordbok definerer «sæter» som «sommeropholdsted for buskapen» av oldnorsk der det også kunne tyde «opholdssted». I følgje Falk og Torp er ordet også i slekt med ord på andre indoeuropeiske språk med tydingar som «sæde», «leir» eller «bolig».[3] Ifølgje Lunden har «setr» den opphavlege tydinga slåtteng i utmark.[4] Ordet «støl» definerer Falk og Torp som «melkeplads, sæter» og skriv at det kjem av oldnorsk «stǫðull» som tyder «grundvold, stilling, plads». «Støl» og «seter» har vore brukt om ein annan.[5]

Seterdrift i Noreg[endre | endre wikiteksten]

«En Aften ved Sæteren», litografisk reproduksjon av eit måleri av Knud Bergslien til Norske Folkelivsbilleder frå 1858. Motivet er ei nasjonalromantisk framstilling av tradisjonelt norsk seterliv på 1800-talet med budeie med lur, geiter, sauar, kyr og anna i storslagen, norsk natur. Frå Nasjonalbiblioteket.
«Liv paa Sæteren», reproduksjon etter eit måleri av Adolph Tidemand til Norske Folkelivsbilleder frå 1854, syner ein romantiske idyll i ei seterstove. Frå Nasjonalbiblioteket

Reglar for setring finn ein i dei eldste lovene i Noreg. «Kven som vil, kan gjera seg sel i allmenningen, og sitja der i sommarsete, om han vil,» står det i Frostatingslova. I Gulatingslova frå 1000-talet står[1]:

«Um to menn bur saman i grend, skal dei flytja or heimehagen når det har gått 2 månader om sumaren, um ikkje alle tykkjer at noko anna er betre. Vert ein sitjande nede lenger, skal grannen forbjoda han å sitja der. Saksøkjaren skal krevja so mange bønder og bygdemenn som han vil ha, til å føra bufeet åt den andre ut or heimhagen, saka 3 øyrar er kvar som nektar. Det same gjeld um han fer ned (frå sætri) fyre tvimånad. (...) No skal for sætrane uppe på fjellet vera dei same merke som har vore frå gamal tid, dei skal ikkje flyttast utan når det er ingen mann til meins. Det same gjeld um tilheldet på sætri. Der skal horn møta horn og hov møta hov.» (Gulatingslovi 81 og 84)

Seterdrift var ei uunnverleg del av gardsdrifta i det gamle bondesystemet. I gamal tid gjekk arbeidet på setra ut på å stelle dyr og fjøs, å gjete dyra for å hindre at dei kom vekk på beite, vart teke av rovdyr, kom inn på framand område eller blanda seg med framande husdyrflokkar, og å laga ulike mjølkeprodukt, som ost, smør og rjome. Mjølk som blei til overs kunne lagrast som myrmjølk. Ysting (koking) av brunost kravde mykje ved til fyring, og vedhogsten kunne gå hardt ut over skogen, i enkelte tilfelle måtte ein til slutte flytte setra på grunn av vedmangel. Sjølv om mjølk og mjølkeprodukt var sentralt i setringa, vart også sau, gris og hest ført til seters for beiting.[1] Arbeidet på setra var kvinnearbeid, og dei som stod for det vart kalla budeier, medan gjetinga av dyra ofte vart gjort av born, gjetergutar og -jenter.

Fullseterbruk innebar at folk budde på setra heile sommaren og gjorde mjølkeprodukta (som ost og smør) ferdige der. Denne forma har vore brukt over stortparten av landet, men var særleg vanleg i innlandet. Mjølkeseterbruk innebar at mjølka vart frakta heim til garden kvar dag og tillaga der, dette var eit halvseterbruk som kravde at setra var i gangavstand frå garden. Denne forma var særleg vanleg langs kysten og i ytre fjordstrøk. Slåtteseterbruk var vanleg i heiområda langt sør i landet der ein bygde fleire setrar i gode slåtteområde. I dei snøfattige områda i Gudbrandsdalen dreiv ein også «vintersetring» ved at ein førte buskapen til setra om vinteren og budde der ei tid for å utnytte fôret som var lagra der.[1] På indre Sunnmøre rekna ein med to hovudtypar seter: «Heimseter» som var så nær garden at «setertausa» (budeia) gjekk heim til garden kvar morgon; og «langseter» som kunne vere opp til 3-4 timar med hest frå garden. På langsetrane budde seterjentene heile sesongen.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei viktig årsak til at seterdrifta voks fram i Noreg, var trongen til fôr. Innmarka blei brukt til kornproduksjon, derfor blei fjellbeitene og beita i skogsområda naudsynte for husdyrhaldet. Berre ved å nytte fôret i fjellet og i utmarka så mykje som mogleg, fekk ein nok til dyra. Det var også mykje lettare å flytte dyra til fôret, enn omvendt. I Agder og Telemark vart «øygard» (nedlagt høgmellomaldergard) brukt i som nemning for seter, og slik øydegardar var på 1600-talet i bruk som seter. Ein teori (Carbouret) er at seterdrift (slåtteseterbruk) på Sørlandet og det sørlege Austlandet utvikla seg frå desse øydegardane. Jørn Sandnes meinte at slått og berging av vinterfôr var viktigaste drivkraft i utnytting av setermarka. Lunden peikar samstundes på at dei eldste lovene først og fremst regulerte beitet og ikkje slått.[4]

I følgje matrikkelen frå 1723 hadde om lag 80 prosent av matrikkelgardane seter. Kring 1850 var det opp mot 100.000 setrar i Noreg, i 1939 om lag 27.000 setrar i drift. Lunden trur at det før Svartedauden var like mange setrar som i 1723.[4] Til dømes er det i Norddal kommune åleine kartlagt 60 setrar, av desse er Herdalssetra berre fortsatt i drift.[7] Det er også frå Norddal ein finn ei av dei eldste omtalane av seter i historiske kjelder, i Snorre Sturlason Soga om Heilag Olav (på reisa gjennom Valldal til Lesja):[8]

No fekk kongen og dei andre seg mat, og då kongen var mett spurde han om det var noka seter i dalen ovanfor ura og nær fjellet som dei kunne vere i om natta. Men Bruse seier: ‘Her er nokre setrar som heiter Grøningane, men ingen mann kan vere der om nettene for trollskap og vonde vette, som held til der ved setra.’Kongen sa at dei skulle dra dit, og at han ville vere der på setra om natta. Ved midnattestider, då dei låg og sov, lét det så avskremmeleg stygt ute på stølen: 'Såleis brenner meg no bønene hans kong Olav,' sa dette vettet, 'å eg kan ikkje vera lenger i husa mine, og no lyt eg røma og aldri meir koma på denne stølen.'

Snorre: Soga om Heilag Olav[9]

Overtru[endre | endre wikiteksten]

I lange periodar kunne budeiene vere åleine på setra, og vart stundom ekstra observante på omgivnadane, slik at førestillingar frå folketrua fekk næring. Skuggar, lydar, vêr og vind kunne tolkast som overnaturleg. Det finst knapt ei seter som ikkje har sine eigne historier om huldra og andre makter og vetter (haugfolket), og ofte måtte særlege reglar fylgjast av omsyn til slike makter. Det har vore ei vanleg å tru at haugfolket nytta dei fråflytta seterhusa i vinterhalvåret, og difor måtte ein gjere sitt for å blidgjere haugfolket på ymse vis både når setra skulle takst i bruk på vårparten, og når husa vart overlete til dei på haustparten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Bruteig, I.E., G. Austrheim og A. Norderhaug (2003): Beiting, biologisk mangfald og rovviltforvaltning. NINA fagrapport 71.
  2. Aasen, Ivar (1918): Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Fjerde uforandrede Udgave. Udgiven av Vestmannalaget. Kristiania: Cammermeyers forlag.
  3. Hjalmar Falk og Alf Torp (1903): Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog. (Originalutgave Kristiania: Aschehoug). Faksimileutg. Oslo: Bjørn Ringstrøms antikvariat.
  4. 4,0 4,1 4,2 Lunden, Kåre (2002): Norges landbrukshistorie. II 1350-1814. Oslo: Samlaget
  5. Asphjell, Turid mfl. (red): Til seters - setrar i Norddal. Valldal bygdekvinnelag, 2012, s.14.
  6. Hoel, Peder (1978): Mjølkestellet i det gamle sæterbruket. Tidsskrift for 1978, Sunnmøre historielag, årgang 58.
  7. Asphjell, Turid mfl. (red): Til seters - setrar i Norddal. Valldal bygdekvinnelag, 2012, s.18-19.
  8. Asphjell, Turid mfl. (red): Til seters - setrar i Norddal. Valldal bygdekvinnelag, 2012.
  9. Snorre Sturluson: Noregs kongesoger, Soga om Heilag Olav, del 179.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Seter