Belinda Ekornås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belinda Ekornås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1972 (52 år)
Yrke psykolog

Belinda Ekornås (fødd 1972) er ein norsk psykolog som arbeider med militærpsykologi og forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Ho er seniorforskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Ekornås blei cand.psychol. ved Universitetet i Bergen i 2000 og skreiv hovudoppgåve om Trening av militære team i en navigasjonssimulator. Ho er godkjend som psykologspesialist og har doktorgrad i psykologi frå Universitetet i Bergen (2013).[1] Ho mottok Inspirasjonsprisen for 2013 frå Norsk Psykologforening.[2]

Ekornås har arbeidd med stress i militære team sidan ho var ferdigutdanna psykolog, og har vore tilknytta eit militærpsykologisk forskingsprosjekt ved Sjøkrigsskulen. Sidan 2020 har ho arbeidd med forskingsprosjektet Veteraners familier: Psykisk helse og hverdagsliv etter utenlandsoperasjoner ved NKVTS.[3][4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]