Psykologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Psykologi kan definerast som vitskapen om åtferd og mentale prosessar. Psykologar forskar på korleis menneskeleg tenking går føre seg, korleis hjernen verkar på åtferd og mentale prosessar. Barn si mentale utvikling vert studert. I tillegg studerer ein korleis menneske fungerer i høve til kvarandre, kva som skil menneske frå kvarandre og psykiske lidingar.

Hovudvekta av psykologisk forsking er naturvitskapleg, men det er òg sterke tradisjonar innan psykologien for å skjøna mennesket ut frå ein humanistisk/eksistensiell synsvinkel. Innan klinisk psykologi held mange seg framleis til tradisjonen etter Sigmund Freud. Ein kan difor seia at psykologi ligg i skjeringspunktet mellom naturvitskap, samfunnsvitskap og humaniora.

Det kanskje mest fundamentale spørsmålet i psykologien har vore om mennesket best kan skjønast ut frå arv eller miljø. I dag vert spørsmålet sett på som gamaldags. I staden undersøkjer ein korleis biologi, indre prosessar og miljø verkar saman.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]