Belizeelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belizeelva
BelizeRiverShot.JPG
Utspring Møtepunktet mellom Mopan og Macal
17°11′N 89°04′W
Munning Det karibiske havet ved Belize City
17°32′N 88°14′W
Lengd 290 km (med Mopanelva)
Renn gjennom Belize City

Belizeelva er ei 290 kilometer lang elv i Belize. Ho har gjeve namn til Belize City og gjennom den til landet Belize. Ho renn gjennom meir enn ein fjerdedel av landet. Belizeelva er også kjent under namnet «Den gamle elva».

Belizeelva har opphav i Guatemala der elvane Mopan og Macal renn saman. Ho renn gjennom ein elvedal som hovudsakleg består av tropisk regnskog. Ho snor seg langs den nordlege enden av Mayafjella tvers over den sentrale delen av landet og renn ut i Det karibiske havet ved Belize City.

Ho er farbar opp til grensa til Guatemala, og var ei viktig transportåre for handel og transport mellom kysten og innlandet i Mayariket fram til 900-talet og i koloniserte Belize til inn på 1900-talet. Elva er framleis brukt til tømmertransport, særleg mahogni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]