Belize

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Belize

(norsk: Belize, belizisk)

Det beliziske flagget Det beliziske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Land of the Free»
Motto Latin: Sub Umbra Floreo
Geografisk plassering av Belize
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Belmopan
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Elizabeth II
Sir Colville Young
Dean Barrow
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
22 966 km² (149.)
0,7 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
327 719 (173.)
240 204¹
14,3 /km² (171.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
21. september 1981
Nasjonaldag 21. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
2 652 mill. USD (169.)
8 400 USD (96.)
Valuta Belizisk dollar
Tidssone UTC -2
Telefonkode +501
Toppnivådomene .bz

¹statoids.com

Belize er eit lite land i Mellom-Amerika ved Det karibiske havet. Belize grensar til Mexico i nord og Guatemala i vest og sør. Honduras ligg på andre sida av Hondurasbukta 75 km unna. Belize var tidlegare kjent som Britisk Honduras. Namnet Belize kjem frå Belize by som er den største byen i landet og tidlegare hovudstad og Belizeelva.

Kart over Belize

Klima[endre | endre wikiteksten]

Belize har eit varmt og fuktig klima året rundt. Tørketida er kortare enn dei andre områda av Mellom-Amerika. Om sommaren og hausten kjem det regn om lag annankvar dag, og om vinteren kan ein front og to kome sørover i Mexicogolfen og gje fuktigare og kjøligare vêr ein dag og to. Regnet om sommaren kjem og forsvinn raskt, men det er ofte ein del skyer. Ein canicula gjev ein periode med opphaldsvêr i juli og august. Heile landet er lummert, men mest lummert er det i indre strøk. Regnmengdene aukar jo lenger sør ein kjem, og varierer frå 1000 mm lengst nord til over 4000 mm i fjellsidene av Mayafjella som vender mot sjøen. Størst sjanse for sol har ein frå februar til tidleg i mai, medan den største faren for orkanar er frå august og ut oktober.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Belize» på Wikipedia på bokmål/riksmål.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Belize