Belle-Île-en-Mer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belle Île
Belle-ile cote sauvage vue du Grand Phare.JPG
Geografi
Belle-ile on nasa map.jpg
Stad Biscayabukta
Koordinatar 47°20′N 3°11′W
Areal 83,76 km²
Høgaste punkt Près du hameau de Borvran (63 moh.)
Administrasjon
Land Frankrike
Departement Morbihan
Demografi
Folketal 4735 (1999)
Folketettleik 57 /km²

Belle-Île eller Belle-Île-en-Mer (ar Gerveurbretonsk) er ei øy i Frankrike utanfor kysten av Bretagne i departementet Morbihan og den største av dei bretagnske øyane. Ho ligg 14 km frå halvøya Quiberon.

Øya dannar eit kanton, som er delt inn i fire kommunar:

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya måler 17 km x 9 km og har ei gjennomsnittleg høgd på 40 meter. Kysten er ei blanding av farlege bratte klipper på sørvestsida, Côte Sauvage (Vill kyst), og stille og rolege strender og hamner på nordaustsida. Den største stranda heiter les Grands Sables. Øya har eit maritimt klima, men har mindre regn og mildare vintrar enn fastlandet.

Dei to hamnene er Le Palais (med ferjesamband til Quiberon) og Sauzon (med ferjesamband til Quiberon og Lorient).

Det var tidlegare skog på øya, men denne forsvann for lenge sidan på grunn av aukande jordbruk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Belle Île vart separert frå fastlandet rundt 6000 fvt., tidlegare enn naboøyane Houat og Hœdic. Arkeologiske funn frå bronsealderen har vist at øya fekk auka folketal i denne tida, sannsynlegvis på grunn av betre sjøfaring.

800-talet høyrte Belle-Île til fylket Cornouaille.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Om sommaren aukar folketalet på øya kraftig, då mange folk kjem til ferieheimane sine på øya, og på grunn av dei avsideliggande og rolege strendene og stadane.

Lyrique en Mer/Festival de Belle Ile er den største operafestivalen vest i Frankrike. Han vart grunnlagd i 1998 av den amerikanske operasongen Richard Cowan, og festivalen set opp to operaer kvar sommar, dirigert av Philip Walsh og regissert av Cowan. I tillegg vert det halde religiøse konsertar i dei fire historiske kyrkjene på øya, i tillegg til mindre konsertar. Lyrique en Mer har brei støtte blant det franske foretningssamfunnet og frå Conseil General, Conseil Regional og Senatet i Paris.

Ein del av handlinga til boka Musketerenes siste bedrifter (The Man in the Iron Mask) av den franske forfattaren Alexandre Dumas den eldre finn stad på øya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Belle-Île-en-Mer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]