Ben Ish Hai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ben Ish Hai

Joséf Ḥajjím (18321909), meir kjend som Ben Ish Ḥai (hebr. [Ben Īš Ḥaj]), «Son [av ein] Levande Mann», var ein mizrahisk ḥakhám (rabbinar) og kabbalist som levde i Bagdad frå 1832 til 1909. Da Ḥajjím var 25 år gammal tok han over etter far sin som ḥakhám i Bagdad da faren døydde, og han vart snart vidkjend som hovudautoriteten i halakhá i heile Midtausten.

Joséf Ḥajjím er særleg kjend for boka Sefer Ben Ish Ḥaj — ei bok som av mange mizrahiske og sefardiske jødar blir rekna for å vera «Den sefardiske Kissúr Sjulhán arúkh». Denne boka er standardreferanseverket i mange mizrahiske og jødiske heimar og er òg i bruk i dei mizrahiske og sefardiske jesjibót som høyrer til den kabbalistiske retninga. Sidan denne boka er så mykje bruka, har forfattaren Ḥajjím vorte kjend som Ben Ish Ḥai — namnet han generelt går under innan jødedommen i dag. Boka er ei samling av preiker han heldt over ein toårsperiode saman med dei 52 parasjijjót (vekeavsnitt) av Toráen. Kvart kapittel byrjar med ein mystisk bolk, oftast ei forklaring av korleis ei kabbalistisk tolking av eit bestemt vers står i samband med ein særskild halakhá (rabbinsk lov); og deretter fortset han med ei utlegging av denne halakháen, inkludert definitive avgjersler av korleis dei skal tolkast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Ressursar[endre | endre wikiteksten]