Benny Motzfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Benny Anette Motzfeldt (23. juni 190924. november 1995) var ein norsk kunsthandverkar (teikning, glas, måling). Ho er mest kjend for sine bidrag til glaskunsten med nye materiale og teknikkar.

Motzfeldt var fødd i Åsen. Ho var utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1931-35) og debuterte på Høstutstillingen i 1936 med teikningar og akvarellar. Lenge var ho i hovudsak aktiv teiknar, og vart engasjert som teiknar til glaskunst ved Christiania Glasmagasin (1955) og Hadeland Glassverk (1955-67). Seinare var ho kunstnarisk leiar ved Randsfjord Glassverk (1967-70), men flytta til Glasshytta ved PLUS i Fredrikstad som ho leidde i perioden 1970-79.[1] Ho hadde sitt glas-gjennombrot med utstillinga saman med Synnøve Anker AurdalRöhska Museet i Göteborg (1970). Ei vandreutstilling gjekk i USA og Europa over fleire år (1976-82).

Store delar av hennar samling vart gitt det Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og sett i permanent utstilling Tre kvinner - tre kunstnere (med Hannah Ryggen og Synnøve Anker Aurdal).[2] Benny Motzfeldt døydde i Oslo.

[endre] Prisar

[endre] Signaturar

  • BM årstall
  • PLUS-BM

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk