Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum

StadTrondheim kommune
Skipa1893
DirektørÅshild Adsen
Kart
Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum
63°25′43″N 10°23′48″E / 63.4286°N 10.3967°E / 63.4286; 10.3967

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum er eit museum i Trondheim, grunnlagt 1893. Museet har samlingar av eldre og nyare kunsthandverk, der ca. 15 % er utstilt i lokala til museet i Munkegaten. Underetasjen er vigd dei stilhistoriske samlingane, m.a. trønderske sølvarbeid frå 1600- og 1700-talet og norske glasarbeid frå 1700-åra. I 1907 designa den belgiske arkitekten Henri van der Velde eit interiør for museet som i dag dannar kjernen i ei rik art nouveau-utstilling. Den moderne samlinga omfattar blant anna Scandinavian design frå 1950–1965, ei smykkesamling, og dessutan over 20 biletteppe av Hannah Ryggen.

Museumsbygningen ligg i Munkegata, eitt kvartal frå Nidarosdomen. Han er teikna av Herman Krag Arkitektkontor og bygd i 1968.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bratberg, Terje T.V.: Trondheim Byleksikon, Kunnskapsforlaget, Oslo 1996

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum