Bernhard Greve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernhard Greve
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. april 1886
Bergen
Død

10. mars 1962 (75 år)

Yrke kunstmålar

Bernhard Henrik Greve (18861962) var ein norsk målar og kunstnar. Greve vart fødd i Bergen. Han fekk målarundervising av mellom andre Harriet Backer, Henri Matisse og Oluf Wold-Torne.

I løpet av levetida si laga han både freskomåleri, keramiske skulpturar og framfor alt glasmåleri til ymse norske museum og kyrkjer.

Greve kjøpte tomta Skredhaugen ved Lofthus i Hardanger i 1918. Hit flytte han fleire gamle hus frå rundt om i Sørfjorden, og skapte eit naturtru friluftsmuseum av dei. Han fylte husa med om lag 2000 bruks- og pyntegjenstandar frå Hardanger.

Greve var òg sjølv fleire somrar på Skredhaugen for å få ro og inspirasjon.

Skredhaugen er i dag eit friluftsmuseum eigd av Hardanger Folkemuseum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]