Hardanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hardanger
Måleriet «Brudeferd i Hardanger» er eit viktig verk i norsk nasjonalromantikk, måla i 1848 av Tidemand og Gude.
Trolltunga ved Tyssedal i Odda kommune.
Folgefonna, den tredje største isbreen i Noreg.

Hardanger er eit landskap langsmed og omkring Hardangerfjorden i Vestland fylke. Området strekkjer seg frå kommunane Ullensvang og Kvam i vest og følgjer fjorden heilt inn til tettstaden Eidfjord i aust og sørover langs Sørfjorden til Odda, i tillegg til dei omliggjande fjelltraktene som mellom anna femner Kvamskogen og delar av Hardangervidda og Folgefonna, den tredje største isbreen i Noreg.

Hardanger omfattar kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang, i tillegg til dei sørlege delane av Voss herad (tidlegare Granvin herad). I tillegg kan delar av Kvinnherad kommune verta rekna med i Hardanger. Sidan bløminga av den norske nasjonalromantikken har Hardanger vore kjend som ein av dei vakraste og mest rotekte delane av landet. Måleriet Brudeferd i Hardanger frå 1848 av Tidemand og Gude har i ettertida blitt ståande som det viktigaste frå den nasjonalromantiske perioden på 1800-talet. Landskapet har trekt til seg både norske og utanlandske turistar. Fruktbløminga om våren er vidt kjend. Hardangerbunaden er brukt både lokalt og i resten av landet.

Hardanger er særleg kjend for lange og smale fjordar med eit mildt klima som er særleg gunstig for fruktdyrking. Andre typar jordbruk og båtbygging har lenge vore næringsvegar i området, medan tungindustrien er blitt den viktigaste levevegen i industristadane Odda, Tyssedal og Ålvik i nyare tid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fram til 2020 omfatta Hardanger, kommunane Jondal, Kvam, Voss, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 13 går frå sør til nord gjennom Hardanger med ferjesamband over Eidfjorden frå Brimnes til Bruravik. Riksveg 7 over Hardangervidda fylgjer Sysendalen ned til dei imponerande veganleggena i Måbødalen med Vøringsfossen. Til sist kjem ein ned til tettstaden Eidfjord. Riksveg 7/Fylkesveg 7 mellom Halne på Hardangervidda og Tokagjelet vest for Norheimsund, har status som nasjonal turistveg.

I 50 år gjekk det an å reisa med tog til Hardanger. Hardangerbana var ein 27,5 km lang elektrisk jarnbane som gjekk frå Bergensbanen og Voss til Granvin stasjon ved Granvinsfjorden. Bana vart opna i 1934. Persontrafikken vart nedlagd i 1985, godstrafikken i 1989.

Hardingar og hardingfele[endre | endre wikiteksten]

Ein person som kjem frå Hardanger vert gjerne kalla for ein «harding». Namnet «hardingfele» eller «hardangerfele» skal koma av at feletypen fyrst vart bygd i Hardanger. Namnet Hardanger tyder 'hordane sin fjord'. Namnet «hordane» kjem av folkenamnet horðarnorrønt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]