Bertel Thorvaldsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Bertel Thorvaldsen | |
Portrett av Thorvaldsen i ordensdrakta til Accademia di San Luca. Måleri av C.W. Eckersberg frå 1814 |
|
| Fødd | 19. november 1770 København |
| Død | 24. mars 1844 (73 år) København |
| Nasjonalitet | Dansk |
| Felt | Bilethoggar og direktør ved Kunstakademiet |
| Utdanning | Kunstakademiet |
| Periode | Nyklassisisme |
| Kjende verk | Jason med det gyldne skind, Kristusfiguren, dei tolv apostlane og
dåpsengelen i Vor Frue kirke i København, pave Pius VIIs gravmæle i Peterskyrkja og Løven i Luzern |
Bertel Thorvaldsen (19. november 1770–24. mars 1844) var ein dansk bilethoggar, fødd i København.[1] Han var ein av dei viktigaste bilethoggarane i Europa.[2]
Han er òg ein av hovudpersonane i den danske gullalderen, sjølv om han budde i Roma i nærare 40 år.[3]
Thorvaldsen fekk sitt internasjonale gjennombrot med skulpturen «Jason med det gyldne skind» frå 1803.[4]