Berthold Schenk von Stauffenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Berthold von Stauffenberg siste dagen han levde.

Berthold Schenk von Stauffenberg (15. mars 190510. august 1944) var ein tysk greve og jurist. Under andre verdskrigen arbeidde han som antinazist og var innblanda i det mislukka Hitler-attentatet i 1944, som han blei avretta for.

Berthold Alfred Maria Graf Schenk von Stauffenberg var fødd i Stuttgart i ein av dei eldste og fornemste aristokratiske og katolske familiane i Sør-Tyskland som son av den württembergske overhoffmarskalken greve Alfred Schenk von Stauffenberg og Caroline, fødd grevinne Üxküll-Gyllenband. Han var tvillingbror av Alexander Schenk von Stauffenberg, og eldre bror av Claus Schenk von Stauffenberg. Etter å ha avslutta jusstudiet vart han 1927 privatdosent i internasjonal rett ved Kaiser-Wilhelm-Institut i Berlin. Mellom 1931 og 1933 arbeidde han ved Den internasjonale domstolen i Haag som ekspert på sjøkrigsrett.

Ved byrjinga av den andre verdskrigen var von Stauffenberg i overkommandoen i Kriegsmarine som stabsdommar. Det var på denne tida han kom i kontakt med leiande antinazistiske krinsar i det konservative miljøet, som han òg kunne vinne broren sin og fetteren sin greve Peter Yorck von Wartenburg for. Husværet hans i Tristanstraße i Berlin, der òg broren Claus tidvis budde, vart ein viktig møtestad for personane som var knytte til det seinare attentatet og statskuppforsøket 20. juli 1944.

På dagen for attentatet var Berthold von Stauffenberg i Bendlerstraße og organiserte sambandet til overkommandoen til marinen. Han vart arrestert natt til 21. juli. 10. august blei han dømt til døden av folkedomstolen (Volksgerichtshof) og hengd same dagen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]