Greve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om tittelen greve. For etternamnet og slekta, sjå slekta Greve. For den danske kommunen, sjå Greve kommune.
Christopher de Paus (1862–1943) brukte ein grevetittel han fekk tildelt av paven. I sitt ex libris forma som eit segl, kalla han seg CHRISTOPHER COMITIS DE PAUS (Christopher greve av Paus), og brukte eit rekonstruert våpenskjold som skulle stamma frå mellomalderen.
Rangkrone for dansk-norsk greve.

Greve (tysk Graf, engelsk Earl (jarl) eller Count, fransk Comte, italiensk Conte) er ein adelsmann, i nokre land av same rang som ein jarl. Andre grevetitlar er landgreve, markgreve, pfalzgreve og borggreve. Tittelen kjem frå Romerriket, der den blei gitt til enkelte høgare embetsmenn. Den blei brukt hos frankerane, etter kvart om dei personane som hadde ansvaret for administrasjonen av kongen sine landskap, og tittelen blei frå 700-talet etter kvart arveleg i mange slekter. I Frankrike og Tyskland blei grevskapa etter kvart stadig meir sjølvstendige, noko som førte til oppsplitting av landa. Frankrike blei seinare samla igjen, medan oppsplittinga i Tyskland fekk meir varige konsekvensar. Her blei mange grevar forfremma til riksfyrstestanden.

I Danmark og Noreg blei det i 1671 oppretta ein hoffadel, som inkluderte grevar og lensgrevar. Dei første var reine titlar, dei andre hadde eit len knytt til sitt patent. I Noreg blei det oppretta to grevskap, Laurvigen og Griffenfeld (seinare Jarlsberg).

I nokre land, spesielt i Storbritannia, er grevskap, engelsk county, territoriell eining tilsvarande eit fylke. Grevskapa blei opphavleg styrt av ein greve eller jarl.

I dei fleste land har grevetitlane i dag berre titulær verdi, men i nokre få land (f.eks. Storbritannia) kan det framleis vere knytt nokre rettar til dei.

Titlane blir arva svært ulikt. I det tyske systemet, der alle medlemar av ei slekt i prinsippet blir sett på som likemenn, arvar alle medlemar grevetittelen. I Storbritannia er det berre slekta sin hovudmann som arvar titlar. Danmark-Noreg hadde eit mellomsystem, som bygde på det tyske suksesjonssystemet, men gjorde unntak for grevar. Berre slekta sin hovudmann var greve (og ektefellen grevinne); alle andre medlemar av slekta var baronar og baronesser. Ei dotter til ein greve vart i Danmark-Noreg kalla komtesse. Det fanst berre ei dansk-norsk greveleg slekt i Noreg, Wedel-Jarlsberg, som opphavleg stammar frå Holstein i Tyskland, og som no ikkje lenger brukar tittelen i Noreg. I tillegg vart eit medlem av slekta Paus utnemnd av paven til romersk greve.

Ei norsk lov av 1821 avskaffa adelskapen i Noreg og dermed også dei dansk-norske grevane sine titlar og forrettar i Noreg.

Det finst rangkroner for greve. Rangkronene er utforma på ulikt vis i ulike land og tider.

Nokre kjende grevar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]