Berzdorfer See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Berzdorfer See
Stad Sachsen
Koordinatar 51°05′N 14°57′EKoordinatar: 51°05′N 14°57′E
Type innsjø Kunstig innsjø
Tilknytte land Tyskland
Overflateareal 0,60 km² (10 km² er planlagt)
Største djupne 35 m (70 m etter utviding)
Busetnadar Schönau-Berzdorf auf dem Eigen

Berzdorfer See er ein kunstig innsjø ved den sørlege grensa av «Europastadt» Görlitz-Zgorzelec i Tyskland. Innsjøen vert danna av ei tidlegare brunkolgruve, som stadig vert fylt med vatn. Det er planlagt at innsjøen vil vere heilt ferdig i 2008 og då ha eit areal på om lag 10 km². Namnet på innsjøen kjem frå ein liten landsby kalla Schönau-Berzdorf auf dem Eigen i sørvest av innsjøen. Når innsjøen «står ferdig» vil han vere ein av dei største i heile Sachsen.

Ein dag vil innsjøen verte ein turistattraksjon med ei hamn for mindre båtar, ei strand og restaurantar. Andre ting som er planlagd er ein campingplass og ein golfbane. Det vil òg verte oppretta ein turstiveg rundt innsjøen med ei lengd på om lag 18 km.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]