Beslan
| Beslan Беслан |
||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Føderasjonssubjekt | Nord-Ossetia | |
| Grunnlagd Bystatus |
1847 1950 |
|
| Geografi | ||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) |
35 968 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Retningsnummer (tlf) | +7 86737 | |
Beslan (russisk Беслан, ossetisk Беслӕн) er ein by i Republikken Nord-Ossetia i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Terek, rundt 15 km nord for Vladikavkaz.
Beslan er eit viktig jernbaneknutepunkt sidan han ligg på hovudlinja mellom Rostov-na-Donu og Baku. Stasjonen her er utgangspunktet for ei sidelinje til Vladikavkaz. Byen er ein industri- og jordbruksby dominert av ein stor fabrikk for prosessering av mais, grunnlagd i 1940-åra.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Byen vart grunnlagt i 1847 av tilflyttarar frå andre stader i Ossetia og fekk opphavleg namnet Beslanykau (russisk: Бесланыкау – «Beslan-busetnaden») etter ein lokal stormann, Beslan Tulatov. Offisielt fekk byen likevel namn etter Tulatov sitt etternamn. Slik vart det Tulatovo (russisk: Тулатово) eller Tulatovskoje (russisk: Тулатовское). Byen fekk i 1941 namnet Iriston (Ossetia) (russisk: Иристон («Осетия»). I 1950, då den raskt industrialiserte byen vart omgjort til ein egen kommune, fekk han det noverande namnet sitt.
Gisseldramet i Beslan [endre]
1. september 2004 vart barneskule nummer 1 i Beslan storma av tsjetsjenske terroristar som forskansa seg inne i skulekomplekset. Dramaet enda 3. september med ein kraftig skottveksling mellom terroristane og russiske tryggleiksstyrkar. Litt over 300 menneske mista livet.[1]
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Beslan» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2009.
Andre kjelder [endre]
- ↑ Putin meets angry Beslan mothers. BBC News (2. september 2005).
|
|
||
|---|---|---|
| Hovudstad: Vladikavkaz | ||
| Alagir · Ardon · Beslan · Digora · Mozdok | ||