Terek
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Terek | ||
|
|
||
| Utspring | Kazbek | |
| - Høgd | 4 160 moh | |
| Munning | Kaspihavet | |
| - Høgd | 28 muh | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 620 km | |
| Nedslagsfelt | 43 200 km² | |
Terek (russisk: Терек; georgisk: თერგი, Tergi; avarisk: Терек) er ei stor elv nord i Kaukasus, som renn gjennom Georgia og Russland på veg mot Kaspihavet. Ho har sitt utspring i fjellsida til Kazbek i Georgia og renn så nordover gjennom Nord-Ossetia og byen Vladikavkaz. Ho snur så austover og renn gjennom Tsjetsjenia og Dagestan før ho deler seg i to greiner, som begge munnar ut i Kaspihavet. Nedanfor byen Kizljar dannar dei eit sumpaktig elvedelta som er om lag 100 km breitt.
Elva er ein naturressurs i området, og vert nytta til kunstig vatning og produksjon av vasskraft i dei øvre delane.
Dei største byane langs Terek er Vladikavkaz, Mozdok og Kizljar.
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Terek frå Engelsk Wikipedia .