Bey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bey er eit tyrkisk ord som tyder noko i nærleiken av 'herre'. Opphavleg var ordet i bruk som namn på ein stammehovding. Dei første tre herskarane over Det osmanske riket nytta denne tittelen. Det osmanske riket voks seg større, og etter 1383 blei dei osmanske herskarane i staden kalla sultan, og frå då av blei tittelen bey heller nytta rundt om i Det osmanske riket om det som i Europa heitte hertug eller greve. Området til ein bey blei kalla ein beylik.

I seinare tid er tittelen gått over til å bli ein generell tiltaleform, som det norske herr.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Skanderbeg, albansk nasjonalhelt som fekk tilnamnet «bey»