Hertug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henri II av Lorraine, hertug av Guise på 1600-talet.

Hertug (frå middelnedertysk hertoch, femininum hertuginne) var opphavleg ein vald hærførar, og er i dag ein tittel for somme av dei høgaste europeiske adelsmenn eller mannlege medlemmar av kongehus, ofte knytta til eit hertugdøme, men denne tilknytinga er gjerne berre i namnet. Tittelen finst også som storhertug eller som erkehertug.

Somme hertug-familiar var suverene fyrstar, dvs. at dei herska over ein stat kalla eit hertugdømme. Andre hertug-familiar hadde ikkje ei slik sjølvstendig stilling, men hadde fått hertugtittelen som ein adelstittel frå ein fyrste.

Dei få norske hertugane var Skule Bårdsson og Håkon V Magnusson, den siste i tida før han blei konge.

I Sverige har prinsar tittelen hertug over eit landskap. Prins Carl Philip er hertug av Värmland.

Det finst rangkrone for hertug, men rangkrona si utforming varierar med dei ulike landa og tidsperiodene.

[endre] Sjå også

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hertug
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk