Bharata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bharata som barn måla av Ravi Varma.

Bharata (devanagari भरत) er ein konge frå indisk mytologi som er stamfar til hovudpersonane i eposet Mahabharata. Han er omtalt i hindu- og djainteologi. Bharatanamnet går att både i namnet på slekta etter han, tittelen til Mahabharata og i det lokale namnet til India, Bharat eller Bhārata Mātā, 'Mor India'.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Bharata var son av Sjakuntala og kong Dusjyanta av Hastinapura. Dei to hadde møtt kvarandre i skogen der ho var blitt oppdregen av ein heilag einebuar. Dusjyanta gav Sjakuntala ein ring og lova å koma attende til henne. Han drog tilbake til palasset sitt og kom ikkje tilbake. Etter at Sjakuntala fødde ein son som var fager, klok og sterk. Han blei kalla Sarvadamana. Då guten var større drog dei til Dusjyanta sin hovudstad. Då dei kom fram sa kongen at han ikkje kjende Sjakuntala att, og ho hadde mista ringen på ferda. Først då ein fiskar hadde funne ringen inni ein fisk, og Sjakuntala hadde overtydd kongen gjennom ei rekkje argument, vedkjende han seg ekteskapet med henne. Dusjyanta tok til seg guten som sonen sin og gav han namnet Bharata. Bharata blei seinare konge over «alle kongane på jorda», altså eit stort indisk rike. Herskarane som stamma frå han bar namnet Bharata.

Namnet Bharata[endre | endre wikiteksten]

Bharata er også namnet til ein bror av Rama i Ramayana, til ein son av den første djain-tirthankaraen (vismannen) Rishabha og til Bharata Muni, forfattaren av det klassiske verket Natyashastra om indisk scenekunst frå ei tid mellom 200 f.Kr. og 200 e.Kr. Den klassiske sørindiske danseforma bharatanatyam inneheld også dette namnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Small Sketch of Owl.pngDenne artikkelen er heilt eller delvis basert på materiale frå Nordisk familjebok, Bharata, 1913.