Statsoverhovud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit statsoverhovud er den øvste leiaren i ein sjølvstendig stat. Overhovudet kan, men treng ikkje, ha den reelle makta i landet. I presidentielle system styrer statsoverhovudet den utøvande makta og opptrer som regjeringsleiar, i semipresidentielle system deler statsoverhovudet denne makta med ein statsminister utgådd frå parlamentet, og i parlamentariske system vantar statsoverhovudet reell makt. Statsoverhovud kan få stillinga si gjennom val, arv, eller gjennom å sjølv ta makta i kupp eller revolusjonar, og såleis byggja på ulik legitimitet.

I monarki har statsoverhovudet ein tittel som dronning, konge eller keisar. I republikkar er overhovudet vanlegvis ein president. Somme tider kan ein stat ha eit religiøst overhovud, som paven i Vatikanstaten.