Big Ben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Big Ben i 2005.

Big Ben er eit kallenamn på den største av klokkene (eigentleg Great Bell) i tårnet på Westminsterpalasset i London. Det blir også ofte noko feilaktig brukt om heile tårnet, som ragar 100 meter over Themsen. Big Ben er eit kjend bilete og lydsymbol på London og England.

Klokka blei støypt av Whitechapel klokkestøyperi. Ho skal ha blitt oppkalla etter Sir Benjamin Hall, som var sjefskommissær for offentlege arbeidarar. Ein annan teori er at den, fordi den var den tyngste i sitt slag, blei kalla opp etter den då berømte proffboksaren Benjamin Caunt.

Stopp[endre | endre wikiteksten]

Seint på kvelden fredag 27. mai 2005 slutta Big Ben brått å gå. I 147 år hadde uret vore ei av dei mest trufaste tidsmålarane i verda. Berre ein einaste gong i historia har uret i tårnet gått for seint. Det skjedde i 1962, då eit stort snøfall fekk Big Ben til å ringe inn det nye året ti minutt over midnatt. Under andre verdskrigen blei uret utsett for ei rekkje angrep frå tyskarane, men overlevde og fortsette å markere tida på sekundet. Fredag 27. mai 2005 skjedde det altså igjen; klokka 22.07 stoppa uret, og etter ein liten pause gjekk det igjen, fram til 22.20. Den siste stoppen varte i ein og ein halv time. Dei britiske tenestemennene som har ansvaret for Big Ben, hadde inga forklaring på kvifor det skjedde. Ein teori var at den fredagen var den varmaste dagen i London sidan 1953. Små stoppar skjedde også i 1976 og i 1997.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Big Ben