Biharispråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bihari)
Gå til: navigering, søk
Bihari
Klassifisering: indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   austleg hindi
    bihari
Vidare inndeling: angika
bhodjpuri
kudmali
magahi
maithili
panchpargania
sadri
sarnami-hindustani
suradjpuri
vadjika
Tala i: India
Talarar: 60 millionar

Bihari er eit samlenamn for språka maithili, magahi og bhodjpuri, som blir tala i delstaten Bihar i India og over grensa i det sørlege Nepal. Om lag 60 millionar talar biharispråk, rundt halvparten av desse bhodjpuri.

Språka har ofte blitt rekna som dialektar av hindi, men har mange trekk som skil dei frå dette. Dei er dei moderne indoariske språka som har utvikla seg lengst vekk frå eit syntetisk kasussystem og i staden fått mange agglutinerande trekk. Biharispråka har utvikla seg frå eller under sterk påverknad frå prakritspråket magadhi.

Biharigruppa inneheld desse språka:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediabihari