Bishop Rock
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Bishop Rock | ||
Bishop Rock fyr (2005) |
||
| Stad | Scillyøyane i Storbritannia | |
| Oppretta | 1858 | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Fyrlys | ||
| Lyskarakter | 2 kvite blink kvart 15. sekund | |
| Lysstyrke | 600 000 cd | |
| Lysvidde | 38 nm | |
| Status | ||
| Automatisert | 1992 | |
Bishop Rock (kornisk Men an Eskob) er eit lite skjer heilt vest i Scillyøyane. Det står eit fyr på skjeret.
Skjeret har ikkje plass til anna enn det 44 meter høge fyret. Bygginga av det opphavlege fyret starta i 1847, men vart vaska bort før det vart ferdig. Det noverande tårnet stod ferdig i 1858 og vart tent 1. september same år.
Bishop Rock var startpunktet for skipsrutene over Nord-Atlanteren på første halvdel av 1900-talet. Skip som segla raskast (i vilkårleg retning) mellom skjeret og innløpet til Lower New York Bay i USA fekk bere Atlanterhavets blå band for raskast overfart.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bishop Rock» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2010.