Atlanterhavets blå band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Atlanterhavets blå band (Blue Riband) er ei utmerking som dei passasjerskipa som har føreteke den raskaste turen over Atlanterhavet, enten i vestleg eller austleg retning kan bruke i si marknadsføring.

Den tidlegast registrerte overfarten var i 1838, medan omgrepet «Blå band» fyrst vart brukt omkring 1860. Innehavaren av bandet har rett til å føre ein blå vimpel i toppen av ei mast.

I 1930 tok sir Harold Hales initiativet til stifting av eit trofe (Hales Trophy), som etter det har vorte tildelt den hurtigaste passasjerbåten.

Sidan 1935 har start- og endepunkt vore Bishop Rock i England og Ambrose fyrskip i USA. Den kortaste avstanden mellom desse punkta er 2 777 sjømil, som tilsvarar 5 143 km. Den enkelte overfarten kan vere lenger, avhengig av vind, vêr og havstraumar.

For tida er det den danske ferja Cat-Link V, frå Scandlines, som er innehavar av det blå bandet og det prestisjetunge Hales Trophy, med ei seglingstid på 2 dagar, 20 timar og 9 minutt. Rekorden vart sett i 1998.

Opphavleg var det meininga at bandet skulle tildelast passasjerskip over 10 000 BRT. Dette vart endra på i 1990. Det siste skipet som oppfylte tonnasjevilkåra var den amerikanske SS «United States», som hadde rekorden frå 1952 til 1990.

Start- og stoppdestinasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1838-1839: Cork, IrlandSandy Hook, USA
  • 1839-1839: Avonmouth, England – New York; USA
  • 1841-1841: Liverpool, England – Halifax, Canada
  • 1850-1856: Liverpool, England – New York, USA
  • 1856-1856: Liverpool, England – Sandy Hook, USA
  • 1863-1863: Queenstown, Irland – New York, USA
  • 1863-1898: Queenstown, Irland – Sandy Hook, USA
  • 1898-1898: Needles, England – Sandy Hook, USA
  • 1900-1900: Eddystone, England – Sandy Hook, USA
  • 1900-1903: Cherbourg, Frankrig – Sandy Hook, USA
  • 1907-1909: Queenstown, Irland – Sandy Hook
  • 1909-1909: Queenstown, Irland – Ambrose, USA
  • 1929-1933: Cherbourg, Frankrig – Ambrose, USA
  • 1933-1933: Gibraltar – Ambrose, USA
  • 1935-1998: Bishop Rock, England – Ambrose, USA

Utvalde seglasar[endre | endre wikiteksten]

Namn på skipet Årstal Overfartstid
Sirius 1838 18 d. 14 t. 22 min.
SS «Great Western» 1838 15 d. 12 t. 0 min.
RMS «Lucania» 1894
SS «Kaiser Wilhelm der Grosse» 1897 5 d. 17 t. 23 min.
SS «Deutschland» 1900 5 d. 11 t. 5 min.
RMS «Mauretania» 1907
SS «Bremen» 1929 4 d. 17 t. 42 min.
SS «Rex» 1933 4 d. 13 t. 58 min.
SS «Normandie» 1935
RMS «Queen Mary» 1936
SS «United States» 1952 3 d. 10 t. 40 min.
Hoverspeed Great Britain 1990 3 d. 7 t. 54 min.
Catalonia 1998
Cat-Link V 1998 2 d. 20 t. 9 min.