Bishorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°7′4″N 7°42′53″E
Bishorn
fjell
none  Bishorn (venstre, bak) og Turtmanngletscher (høgre)
Bishorn (venstre, bak) og Turtmanngletscher (høgre)
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 4 153 moh
skardhøgd 120 m ↓  mot Weisshorn
koordinatar 46°7′4″N 7°42′53″E
Lettast tilkomst Nordvestsida, (F)
Førstestiging av G. S. Barnes, R. Chessyre-Walker, Joseph Imboden, J. M. Chanton
 - dato 18. august 1884
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Bishorn er eit 4 153 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Fjellet har tvillingtoppar, vesttoppen er 18 meter høgre enn austtoppen (oftast kalla Pointe Burnaby). Mellom dei to toppunkta strekker ein 600 m lang snørygg seg. Frå toppen har ein eit inntrykksfullt utsyn mot nordryggen på Weisshorn. Bishorn er eigentleg ei forlenging av denne ryggen.

Utgangspunkt for normalruta over nordvestsida er Cabane de Tracuit (3 265 m), som ein når frå landsbyen Zinal (1 675 m). Frå skaret Weisshornjoch fylgjer ein fjellryggen til toppegga. Om våren kan ein med ski gå langs normalruta og stige heilt til topps på Bishorn.

Fyrstebestiginga fann stad 18. august 1884. G.S. Barnes og R. Chessyre-Walker med hjelp frå fjellførarane Joseph Imboden og J.M. Chanton kleiv heilt til topps. Fyrste gongen folk stod på toppen av austtoppen (Pointe Burnaby) hende allereie 6. mai 1884. Engelske Elizabeth Burnaby var då i fylgje med fjellførarane Joseph Imboden og Peter Sarbach.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]