Weisshorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°06′06″N 7°42′58″E
Weisshorn
fjell
none  Nordsida av Weisshorn frå Barrhorn
Nordsida av Weisshorn frå Barrhorn
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 4 506 moh
skardhøgd 1 235 m ↓  mot Monte Rosa
koordinatar 46°06′06″N 7°42′58″E
Lettast tilkomst klatring
Førstestiging av John Tyndall, J.J. Bennen, Ulrich Wenger
 - dato 19. august 1861
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Weisshorn er eit 4 505 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais.

I april og mai 1991 fann to påfølgjande steinras stad ved landsbyen Randa på austsida av massivet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Weisshorn ligg på ei nord-sør-gåande fjellrekke som skil dalen Val d'Anniviers i vest frå Mattertal i aust. Etter Dom er Weisshorn den nest høgste alpetoppen som i sin heilskap ligg heilt utanfor hovudfjellkjeda I Alpane og som på begge sider høyrer til elva Rhone sitt nedslagsfelt. Fjellet har frå tre kantar form som ei pyramide. Nordaustsida er bredekt medan vest- og sørsidene består av mestedelen nake berg. Fjellet er langs nordegga knytt til Bishorn (4 153 m), på denne egga ligg også Grand Gendarme (4 331 m).

Weisshorn-massivet er delvis bredekt: Turtmanngletscher og Bruneggletscher nord for toppen av Bishorn og Momingletscher i vest.

Weisshorn er ein av mange tindar som ligg kring Zermatt-distriktet, saman med Dent Blanche, Dent d'Hérens, Matterhorn og Monte Rosa.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Weisshorn er det øvste punktet i Dent Blanche nappe, ei klippe som høyrer til dei austroalpine nappes. Fjellet består av gneisar; på vestsida er sedimentære bergartar frå krittida innblanda.

Søraustsida av Weisshorn (Schaligrat til venstre, austegga til høgre) ris over Schaligletscher

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Fjellet vart klive fyrste gongen den 19. august 1861 av den 29 år gamle fysikaren John Tyndall, og fjellførarane J.J. Bennen og Ulrich Wenger. Vegen dei vandra fell saman med normalruta for dagens klatrarar av fjellet. Ein startar frå Weisshorn-hytta og kliv opp austryggen.

I 1877 vart ei anna rute opna av W.E. Davidson, J.W. Hartley, Seymour King, P. Rubi, Johann Jaun og A. Pollinger. Etter å ha klatra den nedre delen av søraustsida ovan om Schaligletscher, nådde dei Schaligrat (sørvestryggen) og heldt fram til toppen. Heile ryggen vart fyrst klatra i 1895 av J.M. Biner, A. Imboden og E. Broome. Søraustsida vart klatra heile vegen i 1906 av Geoffrey Winthrop Young, V. J. Ryan, Lochmatter og Peter Knubel.

Den snø- og isdekte nordaustsida vart fyrste gongen kliven i 1871 av J.H. Kitson samt fjellførarane Christian Almer og sonen hans. Almer ynskte å nå toppen i nitida på føremiddagem, samstundes som kona til Kitson skulle sjå dei frå fjellryggen Gornergrat. Vanskane med å kome opp var større enn venta, så dei kom ikkje opp før i 12-tida. Dei klatra opp fjellsida under Grand Gendarme og heldt fram nær nordegga. I 1909 klatra G. W. Young og Josef Knubel opp hovudpillaren i fjellsida.

Vestsida var klatra fyrste gongen i 1879 av George Passingham, Ferdinand Imseng og L. Zurbrücken. Andre ruter i den sida vart gått i 1883 og 1889. Lettaste passasjen på austsida vart funnen i 1890 av G. W. Young, som kleiv pillaren under Grand Gendarme saman med L. og B. Theytaz på ei rute kjend som Younggrat.

Toppen av Grand Gendarme på nordegga vart nådd fyrste gongen i 1898. 21. september 1898, ein månad etter den fyrstebestiginga, traverserte H. Biehly og H. Burgener heile nordegga frå Bishorn til Weisshorn.

I 1888 omkom George Winkler i eit fall på vestsida av Weisshorn. Han forlet landsbyen Zinal åleine den 17. august, utan å gje opp nøyaktig rute. Ei bergingsgruppe fann einast eit foto og ein hatt nær eit brefall. Liket kom fyrst for ein dag sommaren 1956, på Weisshorngletscher.

Nordegga sett frå Bishorn, Grand Gendarme lett synleg i midten

Klatreruter[endre | endre wikiteksten]

Alle rutene er vanskelege. Normalrute startar frå Weisshorn-hytta på austsida og går langs den kvasse austryggen.

Weisshorn kan klivast frå Bishorn via nordryggen, med avgang frå Cabane de Tracuit ovan om Zinal. Fyrste tre timane består av relativt grei gange over breen og fører til toppen av Bishorn. Den andre delen av oppstiginga er svært utsett og tek nye fem timar, herunder bestiging av Grand Gendarme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]