Bistriţa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bistriţa
Bistriţa.jpg
Byvåpenet til Bistriţa
Byvåpenet til Bistriţa


Plassering
Bistriţa is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Bistriţa-Năsăud
Borgarmeister Ovidiu Creţu
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)

83 039
Koordinatar 47°8′0″N 24°30′0″EKoordinatar: 47°8′0″N 24°30′0″E
Høgd over havet 356 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 820033
Retningsnummer (tlf) +40 02 40
Bilnummer TL
Nettstad: www.primariabistrita.ro


Bistriţa (tysk Bistritz, tidlegare Nösen;[2] ungarsk Beszterce) er ein by i Transilvania i Romania og fylkeshovudstad i Bistriţa-Năsăud fylke. Han ligg ved elva Bistriţa og har om lag 85 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pechenegar slo seg ned i området på 1100-talet etter dei vart angripe av kumanar og dei kalla området Besenyő. Byen vart øydelagd av mongolar under invasjonen deira av Europa. Dette er skildra i eit dokument frå 1241. Bistriţa låg langs fleire handelsvegar og vart ein velståande handelsstasjon i mellomalderen.

Bistriţa vart ein fri keisarby i 1330. I 1353 fekk han rettar til å halde ein 15 dagar lang marknad og eit eige segl. I 1465 hadde festningsverka rundt byen 18 forsvarstårn og bastionar som forsvarte dei lokale lauga. Han vart òg forsvart av ei Kirchenburg, ei festningskyrkje.

Han vart ein del av Romania etter 1919, men kom tilbake til Ungarn ein kort periode under den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bistriţa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]