Blodsukker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Levra (og glykogen som er lagra i levra) spelar ei viktig rolle i reguleringa av blodsukkernivåa. Konsentrasjonen av glukose i blodet ligg på omkring 5 mM. Når blodsukkeret er høgt vil bukspyttkjertelen sleppe fri insulin. Insulin stimulerar glukoseopptak i mange av kroppsveva, og fremjar glykogensyntese ved å binde seg med insulinreseptorar. Når blodsukkeret er lågt byrjar bukspyttkjertelen å frigjere glukagon i blodstraumen. Dette utløysar stimuleringa av glykogennedbryting og fører til ei auking av glukose-6-fosfat. Etter defosforyleringa av enzymet glukose-6-fosfat (eit enzym som er fråverande i dei fleste andre vev) forlét glukosen levra og flyt ut i blodet.

Blodsukkernivå eller blodglukosenivå, ofte berre kalla blodsukker, er eit mål på mengda glukose (sukker) i blodet hjå menneske og dyr. Kroppen jobbar heile tida med å regulere glukosenivåa som del av den metabolske homeostaseen. Glukose er den primære energikjelda for cellene i kroppen, med nokre unntak,[1][2] og blodfeitt, i form av feitt og oljer, er i hovudsak ei kompakt energilagring. Glukose blir frakta frå tarmane eller levra til celler i kroppen gjennom blodstraumen, og blir tilgjengeleg for celleabsorbsjon gjennom hormonet insulin, som i hovudsak blir laga i bukspyttkjertelen.

Glukosenivåa er vanlegvis lågast om morgonen før det fyrste måltidet (kalla «fastenivå»), og i laupet av nokre timar etter måltidet vil nivået auke med eit par millimolar. Unormalt høge eller låge glukosenivå kan tyda på sjukdom. Vedvarande høgt blodsukker blir kalla hyperglysemi, medan låge nivå blir kalla hypoglysemi. Diabetes mellitus er kjenneteikna ved vedvarande hyperglysemi, og er den mest framståande sjukdommen som følgje av svikt i blodsukkerregulering. Alkoholinntak plar å valda ei auking av blodsukker, men nivået fell etter ei lita stund. Nokre lækjemiddel kan føre til aukingar eller minskingar av glukosenivåa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Van Soest, P. J. (1994). Nutritional ecology of the ruminant. 2nd Ed. Cornell University Press, ISBN 080142772X.
  2. Young, J. W. (1977). «Gluconeogenesis in cattle: Significance and methodology». Journal of Dairy Science 60 (1): 1–15. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.