Bok-kule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bok-kuler i H II-regionen IC 2944. Biletet er teke av Hubble-teleskopet.
Det kolsvarte området til høgre for stjerna er ei bok-kula. Biletet er teke av Hubble-teleskopet og viser stjerna V380 Orionis med den tilhøyrande refleksjonståka NGC 1999.

Bok-kuler, òg kalla globule, er mørke og kalde skyer av støv og gass so tette at dei stengjer for alt lys som kjem bakanifrå.[1] Bok-kuler er å finna i H II-regionar[2], som er område med aktiv stjernedanning, og det er anteke at det kan føregå stjernedanning inne i sjølve bok-kulene.[1]

Namnet kjem frå den nederlandsk-amerikanske astronomen Bart Bok som var den første til å skildra desse objekta i ein publikasjon i 1947.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Hubble Takes a Close-up View of a Reflection Nebula in Orion» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av refleksjonståka NGC 1999.
  2. 2,0 2,1 «Thackeray's Globules in IC 2944» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av IC 2944.
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.