Bollywood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Filmplakat for Alam Ara (1931), den første lydfilmen frå Bollywood.

Bollywood er namnet på den delen av den hindispråklege indiske filmindustrien som er basert i storbyen Mumbai (tidlegare Bombay). Namnet er ei samansetjing av «Bombay» og Hollywood. Namnet blei innført på 1970-talet, då den indiske filmindustrien voks seg større enn den amerikanske. Bollywood-filmar har henta inspirasjon frå hindumytologi, sanskrit-drama, indisk folketeater, parsidrama og vestlege media gjennom Hollywood, særleg musikalar, og i nyare tid også musikkvideo.

Scene frå den mytologiske filmen Raja Harishchandra frå 1913.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Indisk film starta i Bombay med stumfilmen Raja Harishchandra av Dadasaheb Phalke, som først blei vist i Bombay i 1913. Filmen tiltrekte store folkemengder, og Phalke fekk laga fleire utgåver som blei viste i landsbyar.

Bilde frå Kisan Kanya.

På 1930-talet blei det laga over 200 filmar årleg. Den første lydfilmen, Alam Ara av Ardeshir Irani, kom ut i 1931. Kjærleiksfilmen blei ein stor økonomisk suksess, trekte så mange folk at politiet måtte tilkallast, og sette mønsteret for seinare indiske filmar ved å innehalda ein slager, songen «De de khuda ke naam per». Den første fargefilmen, Kisan Kanya, kom i 1937, og den andre, Mother India, året etter. Begge var produserte av Irani. Medan lyd hadde slått raskt gjennom, tok det tid før fargefilm erstatta svart/kvitt i India.

Tida etter at India fekk sjølvstende i 1947 og fram til 1960-talet er rekna som ein gullalder for Bollywood. Filmar som Pyaasa (1957) og Kaagaz Ke Phool (1959) av Guru Dutt og Awaara (1951) og Shree 420 (1955) av Raj Kapoor tok opp sosiale tilhøve, særleg knytt til underklasseliv i urbane India. Populære episke filmar som Oscar-nominerte Mother India av Mehboob Khan og Mughal-e-Azam (1960) av K. Asif stammer også frå denne tida.

Amitabh Bachchan har vore ein viktig deltakar i Bollywood sidan 1970-talet.

Medan Bollywood hadde vore prega av romantikk sidan byrjinga, fekk valdeleg action større plass frå 1970-talet. Gangster-filmar og skodespelarar som «sinte unge menn», til dømes spelt av stjerna Amitabh Bachchan, var vanlege fram til tidleg på 1990-talet. Då pendelen svingte tilbake til meir romantiske familiefilmar kom ei ny gruppe stjerner, som Aamir, Salman og Shahrukh Khan, Sridevi, Madhuri Dixit, Juhi Chawla og Kajol.

På 2000-talet blei Bollywood-filmar meir utbreidde over resten av verda. Filmar som den storseljande Lagaan, Devdas og Rang De Basanti blei nominerte til internasjonale prisar. Meir pengar til produksjon førte til betre filmteknikk og større spesialeffekter, gjerne også meir oppfinnsame historier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.