Amitabh Bachchan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amitabh Bachchan

(devanagari अमिताभ बच्चन, uttalt [əmɪˈtaːbʱ ˈbəttʃən])

BACHCHAN Amitabh 03-24x30-2009b.jpg
Fødd 11. oktober 1942 (71 år), Allahabad i Uttar Pradesh i British Raj Red Ensign.svg Britisk India
Yrke Skodespelar
Ektefelle Jaya Bachchan
Born Abhishek Bachchan
Shweta Bachchan-Nanda

Amitabh Bachchan (fødd 11. oktober 1942) er ein indisk skodespelar som er blitt verdskjend gjennom opptredenar i over 180 hindispråklege filmar gjennom fire tiår. Bachchan har også produsert film, sunge filmmusikk og vore programleiar på fjernsyn. På 1980-talet var han ei kort tid politisk aktiv.

Amitabh Bachchan er superstjerne i India, og er blant dei mest populære skodespelarane i Bollywood. Han har vunne ei rekkje prisar, mellom anna indiske National Film Award tre gonger og Filmfare Awards fjorten gonger. Han blei tildelt den nasjonale utmerkinga Padma Shri i 1984 og Padma Bhushan i 2001 for sine bidrag til indiske kulturliv.

Bachchan starta filmkarrieren sin i 1969 som forteljarstemme i Bhuvan Shome og som skodespelar i Saat Hindustani. Han vann sin første filmpris for rolla si i Anand (1971). Med hovudrolla som inspektør Vijay Khanna i Zanjeer (1973) grunnla han ryet sitt som filmstjerne og for rollefiguren «sint ung mann» som han spelte i fleire av filmane sine.[1] Han fekk sin første Filmfare-nominasjon for beste skodespelar for rolla i Zanjeer.

I 1975 spelte Bachchan i to viktige filmar i hindifilmhistorie: Deewaar, regissert av Yash Chopra, som gav han ein ny Filmfare-nominasjon, og Sholay, den besttenande filmen i India det året.[2] I begge filmane spelte han mot Shashi Kapoor. 1970-talet var ei stordomstid for Bachchan, medan filmar han spelte i på 1980-talet hadde mindre suksess. Han blei også råka av skader og sjukdom: I 1982 blei han livstruande skada under eit stuntopptak under innspelinga av filmen Coolie. Året etter blei venstrehanda stygt skadd då ein kinaputt gjekk av i handa hans. Då han seinare fekk diagnosen myasthenia gravis bestemte han seg for å forlata skodespelaryrket.[3] 1992 til 1997 spelte han ikkje inn nokre filmar.

I 1984 Amitabh Bachchan han til parlamentsval (Lok Sabha) til støtte for Rajiv Gandhi, ein god ven. Han blei vald inn med ein stor majoritet (68,2 %), men trekte seg tilbake frå politikken etter tre år. Bachchan har seinare gjeve offentleg støtte til Samajwadi-partiet frå heimstaten Uttar Pradesh.

Medan Bachchan hadde slutta som filmskodespelar, prøvde han seg i staden som produsent. I 1996 skipa han Amitabh Bachchan Corporation, Ltd. (A.B.C.L.). I løpet av få år hadde selskapet store tap, og var nær ved å gå konkurs. Bachchan arbeidde hardt for å betala kreditorane gjennom roller i film, reklame og som programleiar på fjernsyn, og hindra konkursen.[4]

Amitabh Bachchan er kjend for sin djupe stemme. Han har vore forteljarstemme i fleire filmar, mellom anna i Shatranj Ke Khilari ('Sjakkspelarane', 1977) av den kjende regissøren Satyajit Ray og i hindiversjonen av Pingvinenes marsj (2005).

I 2000 byrja Bachchan ein karriere som programleiar for den indiske versjonen av Vil du bli millionær?, Kaun Banega Crorepati.[5] Han har også opptrådd i fleire filmar som seg sjølv.

Bachchan har også vore med i filmar utanfor Bollywood, til dømes malayalamfilmen Kandahar frå 2010 og Hollywood-filmen The Great Gatsby (forventa premiere mai 2013).

Amitabh Bachchan er gift med skodespelaren Jaya Bachchan. Paret har to born saman, sonen Abhishek Bachchan, som også er ein kjend skodespelar, og dottera Shweta Bachchan-Nanda, som har vore programleiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]