Bolsjoj Irgiz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bolsjoj Irgiz
Bolshoj Irgiz.jpg
Utspring Obsjtsjij Syrt
Munning Volgograd-reservoaret i Volga
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 657 km
Middelvassføring 23 m³/s
Nedslagsfelt 24 000 km²

Bolsjoj Irgiz (russisk Большой Ирги́з, «Store Irgiz») eller berre Irgiz (russisk Ирги́з) er ei elv i Samara og Saratov oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 657 km lang og har eit nedslagsfelt på 24 000 km². Elva har ei middelvassføring på 23 m³/s.

Elva spring ut frå vestsida av Obsjtsjij Syrt-platået og renn frå her vestover steppene gjennom eit meanderande elveløp. Elva munnar ut i Volgograd-reservoaret i Volga ved byen Volsk.

Byen Pugatsjov ligg òg ved Bolsjoj Irgiz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]