Saratov oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saratovskaja oblast
   
Flag of Saratov Oblast.png Coat of Arms of Saratov oblast.png
Saratov oblast sitt flagg Saratov oblast sitt våpen
Saratov oblast på kartet over Russland
Hovudstad Saratov
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 36.

100 200 km²
2,1

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 19.

ca. 2 522 000[1] (2010)
ca. 25,2/km²

Føderalt distrikt Privolzjskij (Volga)
Økonomisk region Povolzjyje
Regionsnummer 64
Offisielt språk Russisk
Guvernør Valerij Vasiljevitsj Radajev
Nasjonalsong
Tidssone UTC +0300

Saratov oblast, (russisk Саратовская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Saratov, arealet er 100 200 km² og innbyggjartalet er 2 522 900 (2010).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Brua over Volga, frå Saratov til Engels.

Provinsen ligg i søraust på den austeuropeiske sletta, ved det nedre løpet til Volga. I søraust grensar han til Kasakhstan. Volga deler provinsen i ein austleg og ein vestleg del. Den vestlege delen er for det meste åslandskap, som hevar seg til 370 meter over havet. I vest ligg Oka-Don-sletta. Den austlege delen er store slettelandskap, som i søraust går over i Den kaspiske depresjonen. Volga sitt løp gjennom Saratov oblast er 420 kilometer langt. Andre elver er Khoper, Medveditsa og Bolsjoj Irgiz. Over 80 % av arealet er oppdyrka steppe, om lag 5 % er skogkledd. Det finst olje og gass her. Middeltemperaturen i januar er - 12 grader celsius, i juli 23 grader celsius.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Saratov oblast er minkande. Frå 2002 til 2010 gjekk det ned 5,5 %, frå 2 668 310 til 2 522 900. 74,5 % av folket bur i byar. Dei største byane er Saratov (837 900 ib.), Engels (202 400) og Balakovo (199 700).[1]

Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske fordelinga:[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbygd i Saratov oblast.

Dei eldste kjende folkeslaga i området var tyrkiske stammefolk. På 1200-talet kom området under mongolsk herredøme. På 1400-talet vart det del av det mongolske Astrakhan-khanatet. I 1556 vart dette khanatet erobra av Russland, og vart grenseland mot kasakhane. I 1590 vart Saratov grunnlagd som ei festning, midtvegs mellom dei nye festningane Samara og Tsaritsyn (no Volgograd), for å trygga kontrollen over dei nyerobra områda. På 1600-talet vart området busett av russarar. På slutten av 1700-talet kom òg mange tyske innvandrarar hit, etter at tsarina Katarina II hadde invitert dei til å busetja seg i Russland. Saratov vart sentrum for ein eigen provins i 1797.

Under den russiske revolusjonen fekk bolsjevikane makta i Saratov allereie i oktober 1917. Saratov kraj vart oppretta 10. januar 1934, og omgjort til Saratov oblast den 5. desember 1936. Områda rundt Volga i sør i provinsen var frå 1924 del av Den volgatyske autonome sovjetrepublikken, der volgatyskarar utgjorde to tredelar av folket. Då Tyskland invaderte Sovjetunionen i 1941 vart den autonome republikken oppløyst og delt mellom Saratov oblast og Stalingrad oblast. Volgatyskarane vart deporterte til Kasakhstan og Sibir. Tyskarar utgjorde i 2002 berre 0,5 % av folketalet i Saratov oblast - om lag 12 000 menneske. Under den andre verdskrigen vart mykje industri evakuert til Saratov oblast frå dei vestlege delane av Sovjetunionen.

Saratov oblast er ein av provinsane som har fått ein ny guvernør utnemnd av president Putin, etter at lova vart endra slik at guvernørane ikkje lenger er folkevalde. Den førre guvernøren, Dmitrij Ajatskov, vart erstatta den 3. april 2005 av Pavel Ipatov, direktøren for atomkraftverket i Balakovo. Ipatov er medlem av Putin sitt parti, Sameint Russland.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saratov oblast