Border collie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Border collie er ein hunderase som vert brukt som gjetarhund.
Border collien kjem frå grenseområda mellom England og Skottland.
I motsetnad til dei fleste andre hunderasar vert det ikkje dreve avl på Border Collie for å fremje utsjånad. Det viktigaste med denne hunderasen er brukseigenskapane. Etter ein avtale mellom Norsk Kennel Klubb og Norsk sau og Geitealslag (NGS) er det NGS som er spesialklubb for Border Collie i Noreg.