Kjæledyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjæledyr er dyr som blir haldne hovudsakleg for å underhalda eller halda folk med selskap, til forskjell frå andre tamdyr som ein held av økonomiske grunnar. Nokre typar tamme dyr er vanlegast å halda som kjæledyr, men eitkvart dyr som eit menneske kan stella for og knytta seg til, også ville dyr, kan bli kjæledyr.
Vanlege typar kjæledyr er til dømes hund, katt, kanin, marsvin og hamster.