Borghild Niskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Borghild Niskin i 1952

Borghild Solveig Niskin (19. februar 192418. januar 2013) var ein norsk alpinist frå Hole i Buskerud. I tida 1946-56 vann ho 17 NM-titlar. Ho vart som fyrste kvinne tildelt Holmenkollmedaljen i 1956.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Borghild Niskin, fødd Hansen på Sollihøgda i Hole, tok sitt fyrste noregsmeisterskap då ho i 1946 vann den fyrste av fem norske meistertitlar i slalåm. Ho debuterte i olympiske leikar under vinter-OL 1948 i St. Moritz, der ho saman med Laila Schou Nilsen utgjorde Noregs kvinnelag. Hennar beste plassering var ein 19. plass. Betre gjekk det ikkje i VM 1950 i Aspen, der ho kom på 23. plass i utfor. Under OL 1952 på heimebane i Oslo vart ho beste norske deltakar med sjetteplass i storslalåm.

Etter gode prestasjonar i alpin-VM 1954 i Åre, der ho vart nummer åtte i utfor og i kombinasjonen, fylgde ho opp med sine best resultat under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Med åtte tidels sekundar opp til bronsevinnaren Thea Hochleitner vart ho nummer sju i storslalåm. Tidene frå dei olympiske tevlingane i slalåm og utfor vart rekna saman som ei VM-øving i kombinasjon; her kom Niskin på femteplass. OL-sesongen 1956, hennar siste sesong, vart avslutta med at ho to sitt sjuande NM-gull i utfor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]