Borough Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Borough Hill
ås
none  Den siste radiomasta på åsen
Den siste radiomasta på åsen
Land Flag of England.svg England
stad Northamptonshire
 - høgd 199 moh

Borough Hill er ein ås aust for byen Daventry i grevskapet Northamptonshire i England. Han er 199 meter over havet og dominerer over det omliggande området.

Det er funne ruinar av to åsfort frå jernalderen, to gravhaugar frå bronsealderen og to seinare romerske villaer og ein gard på åsen.[1].

I 1925 bygde BBC ein sendestasjon på åsen og i 1950 vart det bygd ei 220 meter høg mast nær Dodford. Masta kom ut av bruk i 1978 og vart fjerna i 1984. Det stod derimot fleire master på åsen og ei mast står framleis att.

[endre] Kjelder

  1. English Heritage Record of Scheduled Monuments

Koordinatar: 52°15′17″N 1°8′24″W

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk