Braccianosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Braccianosjøen
Braccianosjøen -
Braccianosjøen is located in Italia
Stad Provinsen Roma i Lazio
Koordinatar 42°07′16″N 12°13′55″EKoordinatar: 42°07′16″N 12°13′55″E
Type innsjø Kratersjø
Utsig Arrone
Tilsigsområde 150 km²
Tilknytte land Italia
Overflateareal 56,76 km²
Største djupne 165 m
Kystlengd1 32 km
Høgd over havet 160 moh
Busetnadar Bracciano, Anguillara Sabazia, Trevignano Romano
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Braccianosjøen er ein liten kratersjø i Lazio i Italia, om lag 32 km nordvest for Roma. Han har eit areal på 56,76 km² og er den nest største innsjøen i regionen (etter Bolsenasjøen) og ein av dei store innsjøane i Italia. Innsjøen er sirkelforma og har ein omkrins på om lag 32 km og vassflata ligg 160 meter over havet. På det djupaste er Braccianosjøen 165 meter djup.

Innsjøen har sitt opphav i samband med intens vulkansk aktivitet frå 600 000 til 40 000 år sidan, som danna mange små vulkanar i området Sabatino. Hovudmagmakammeret låg under Braccianosjøen og då dette kollapsa danna det kalderaen som innsjøen i dag utgjer. Nokre små krater er framleis synleg rundt innsjøen og like i nærleiken.

Tre byar ligg langs innsjøen, Bracciano, Anguillara Sabazia og Trevignano Romano.

Innsjøen er ein viktig turistattraksjon nær Roma. Sidan han fungerer som drikkevasskjelde for Roma har han vore kontrollert sidan 1986 for å unngå forureining. Det er strengt forbode med motorisert ferdsel på innsjøen (bortsett frå enkelte fiskarar og styresmaktene) og det er bygd eit sentralisert kloakksystem for byane ved innsjøen slik at vatnet ikkje vert råka av kloakkutslepp. Dermed er Braccianosjøen ein av dei reinaste innsjøane i Italia. Det er lov å symje i innsjøen og drive anna vassport som ikkje krev motor. Det er derimot ein parasittisk flatorm i innsjøen som kan gje badande kløe.

Dei siste åra har innsjøen og området rundt vorte vidare verna som del av ein naturpark kalla Parco Regionale del complesso lacuale di Bracciano Martignano.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Braccianosjøen

Kjelde[endre | endre wikiteksten]