Kratersjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein kratersjø som berre vert kalla Crater Lake i Oregon i USA
Innsjø danna etter utbrotet til Pinatubo i 1991 på Filippinane
Kratersjøen på Wenchi i Etiopia

Ein kratersjø er ein innsjø i eit vulkankrater, kaldera eller ein maar. Nedbør fyller senkinga i terrenget fram til det oppstår likevekt mellom vatnet som kjem inn og vatnet som fordampar, renn ut via botn eller renn ut via ei elv ved kanten av krateret. Kratersjøar som dekkjer aktive (fumarolske) vulkanventilar vert ofte kalla vulkansjøar, og vatnet i dei er ofte surt, metta med vulkanske gassar og er ofte ugjennomsiktig med grønfarga vatn. Innsjøar i utdøydde eller sovande vulkanar har som regel ferskt vatn og ofte klårt vatn sidan det ikkje har innsig frå elvar eller sediment.

Den høgaste vulkanen i verda, Ojos del Salado på 6 839 meter over havet i Andesfjella, har ein permanent kratersjø med diameter på 100 meter i ei høgd på 6 390 meter over havet på austsida. Dette er truleg den høgastliggande innsjøen i verda, uansett type.

På grunn av dei ustablie omgjevnadane eksisterer enkelte kratersjøar berre mellombels. Kalderasjøar kan derimot vere ganske store og langvarige, som t.d. Tobasjøen som vart danna etter eit utbrot for om lag 70 000 år sidan og som dekkjer eit areal på over tusen kvadratkilomter.

Mange kratersjøar er vakre å sjå på, men dei kan òg vere dødlege. Gassutstrøyming frå Nyossjøen kvelte 1 800 menneske i 1986 og kratersjøar som den på Ruapehu har ofte medverka til katastrofale laharar.

Innsjøar kan òg fylle nedslagskrater, men desse vert vanlegvis ikkje kalla kratersjøar, bortsett frå eit par enkeltetilfelle. Døme på slike innsjøar er Bosumtwi i Ghana og Siljan i Sverige.

Kjende kratersjøar[endre | endre wikiteksten]

Innsjø Stad
Albanosjøen Italia Italia
Lago de Atitlán Guatemala Guatemala
Blue Lake AustraliaSouth Australia
Bolsenasjøen Italia Italia
Braccianosjøen Italia Italia
Laguna Chicabal Guatemala Guatemala
Crater Lake USA USA
Cuicocha Ecuador Ecuador
Tianchi Nord-Korea Nord-Korea/ Kina Kina
Volcán Irazú Costa Rica Costa Rica
Kapoho Crater USA Hawaii
Mount Katmai USA Alaska
Rano Kau Flag of Chile.svg, Rapa Nui (Påskeøya)
Kelut Indonesia Indonesia
Kerið Island sitt flagg Island
Kurile Flag of Russia.svg Kamtsjatka i Russland
Medicine Lake Volcano USA California i USA
Mashu Japan Japan
Nemisjøen Italia Italia
Nemrut Tyrkia Tyrkia
Newberry Volcano USA Oregon i USA
Nyossjøen Kamerun Kamerun
Pinatubo Filippinane Filippinane
Rano Raraku Flag of Chile.svg Rapa Nui (Påskeøya)
Mount Ruapehu New Zealand New Zealand
Shikotsu Japan Japan
Soufrière Saint Vincent og Grenadinane Saint Vincent
Taalsjøen Filippinane Filippinane
Lake Taupo New Zealand New Zealand
Tazawa Japan Japan
Tobasjøen Indonesia Indonesia
Towada Japan Japan
Vicosjøen Italia Italia
Wenchi Etiopia Etiopia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Crater lake frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: