Brede Hangeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brede Hangeland
2012-08 Hangeland.jpg

Foto: Chell Hill (2012)

Personleg informasjon
Namn Brede Paulsen Hangeland
Fødselsdato 20. juni 1981
Fødestad Houston i USA
Høgd 194 cm
Posisjon Forsvar
Klubbinformasjon
Spelar for Flag of England.svg Fulham
Draktnummer 5
Ungdomsklubb
1998-2000 Noreg FK Vidar
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2000–2005
2006-2008
2008–
Noreg Viking
Danmark København
Flag of England.svg Fulham
114 (6)
63 (3)
162 (8)
Landslag**
2001-2003
2002-
Noreg Noreg U21
Noreg Noreg
12 (0)
78 (2)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 12. september 2012.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 12. september 2012.


Brede Paulsen Hangeland (fødd 20. juni 1981) er ein norsk fotballspelar, fødd i Houston i Texas i USA og oppvaksen i Stavanger. Sidan 2008 har han spela for den engelske fotballklubben Fulham FC. Frå 2002 til september 2012 har han spela 78 landskampar for Noreg og har vore kaptein for fotballandslaget sidan august 2008. Hangeland spelar på midtstopparplass, men har også vore defensiv midtbanespelar.

Hangeland i Fulham-drakt i 2009

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hangeland spela frå 1998 for FK Vidar, ein klubb som spela på nivå 3 i Noreg. I 2001 gjekk han over til toppserieklubben Viking, der han same sesongen var med å vinne cupfinalen. November 2002 debuterte han på det norske landslaget i ein kamp mot Austerrike, som enda med norsk siger 1-0.

I januar 2006 teikna Hangeland kontrakt med den danske klubben FC København. Her spela han i to år, klubben vann den danske seriemeisterskapen 2006/07. Januar 2008 vart han overført til London-klubben Fulham, der han var med på å berge plassen til klubben i toppdivisjonen. Gjennom sesongen 2009/10 spela Fulham seg heilt fram til finalen i Europaligaen, der det etter ekstraomgangar enda med tap 1-2 mot Atletico Madrid frå Spania.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk seriemeister 2007 med FC København
  • Norsk cupmeister 2001 med Viking Fotballklubb
  • Sølv i Europaligaen 2010 med Fulham FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]