Brentfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brentfeltet i Nordsjøen, avmerkt på kart

Brent er eit oljefelt i Nordsjøen mellom Skottland og Noreg. Feltet ligg i sektoren til Storbritannia. Det vert frakta råolje frå feltet via ein røyrleidning til mottaksterminalen i Sullom Voe på Shetlandsøyane. Naturgass vert frakta gjennom ein røyrleidning til St. Fergus nordaust i Skottland. Det er installert fem oljeplattformer på feltet. Den fyrste plattforma som vart installert var stålplattforma Brent A. Deretter vart det installert tre betongplattformer Brent B, Brent C og Brent D. Den femte installasjonen, den flytande Brent E, fungerte som ei lagrings- og lastebøye. Brent E vart mest kjend under namnet «Brent Spar», og det var mykje ordskifte om kva som skulle skje då Brent Spar vart teken ut av bruk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]