Brigham Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brigham Young.jpg
Territorium avstått av Mexico til USA i 1848. Delstaten Utah lett gjenkjenneleg ved markeringa av innsjøen Great Salt Lake. Gadsden-kjøpet frå 1853 i gult

Brigham Young (fødd 1. juni 1801 i Whitingham i Vermont i USA, død 29. august 1877 i Salt Lake City) var den andre profet og president for Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage, populært kalla mormonane. Han grunnla Salt Lake City og mange andre byar i Utah og fleire andre av veststatane. Han har vorte kalla «Den amerikanske Moses» på grunn av rolla si i koloniseringa av eit område av Mexico som seinare vart amerikansk og etterkvart vart til staten Utah.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Young kom frå ein bondefamilie i Vermont og arbeidde som omreisande snikkar og glassmed. I 1824 gifta han seg med Miriam Angeline Works. Året før vart han metodist, men etter å ha lese Mormonarboka kort etter at ho vart utgjeve i 1830 og vorte tiltrekt av bodskapane her, gjekk han over til mormonismen. Han vart offisielt oppteken i kyrkja i 1832, og drog til Canada som misjonær. Den første kona hans døydde i 1833, og deretter tilslutta Young seg mange mormonar som slo seg ned i Kirtland i Ohio.

Young var sterkt engasjert i den nye trua si. Han vart ordinert til apostel og vart ein av det såkalla quorum av dei tolv apostlar (Rådet til dei tolv apostlane) han 14. februar 1835.

Under dei antimormonske forfølgingane i Missouri seint i 1830-åra mista han alt godset sitt og måtte tole mykje motgang. I 1840 og 1841 misjonerte han i England. Mange av dei han konverterte kom over til USA og slo seg ned i dei mormonske busetjingane der. I 1840-åra var Brigham Young ein av dei som grunnla byen Nauvoo i Illinois ved Mississippielva. Han var den gongen omtrent jamstor med Chicago, og vart hovudsetet til kyrkja.

Medan kyrkjepresidenten Joseph Smith var i fengsel i påvente av rettssak, vart han og broren Hyrum drepne av ein væpna folkemengd i 1844. Det vart usemje om kven som skulle tre inn som leiar for kyrkja. Under eit møte der dette skulle diskuterast, meinte mange å gjenkjenne Joseph Smith si røyst og endåtil utsjånad då Brigham Young tok ordet. For mange var det eit teikn på at Young var den utvalde leiaren, og dei flokka seg om han. Andre ville ikkje gå med på det, og dette medførte ei splitting.

Etter tre år under Rådet til dei tolv apostlane reorganiserte Young eit nytt første presidentskap og vart erklært for president for den største gjenverande fraksjonen i (etter at eit anna leiarskap var etablert i Pittsburgh) i 1847. Gjentekne konfliktar fekk Young til å føre gruppa si til eit område i det som i dag er Utah men som då var ein del av Mexico. Young organiserte reisa som skulle føre dei truande gjennom Nebraska, der dei låg i vinterkvarter, og til Salt Lake Valley der dei kom fram den 24. juli 1847.

Ikkje lenge etter avstod Mexico dette nordlegare området til USA. Young bad då den amerikanske kongressen om å etablere ein ny delstat der, ved namn Deseret. Men i staden vart Utah Territory skapt, og Young vart innsett som guvernøren i staten. No leia han både dei kyrkjelege og dei økonomiske tilhøva. Han gjekk inn for sjølvstende og sjølvberging. Mange av byane i Utah vart grunnlagt av Young.

Då dei føderale styresmaktene fekk overdrivne meldingar frå Utah om misforhold i dommarstanden bestemde president Buchanan seg for å innsetje ein ikkje-mormon som guvernør. Troppar vart sendt avstad, men Brigham Young klarte å halde dei på avstand ein vinter. Han la planar om å brenne Salt Lake City og ta med seg tilhengarane sine til Mexico, men ombestemte seg i siste stund og gjekk med på å gå av som guvernør.

Eit spørsmål som stadig melder seg er om Brigham Young var involvert i ordren til det som er vorte kjent som Mountain Meadows-massakren i Washington County i 1857. Saka er ikkje eintydig avklart. Det vart sendt bod frå han til å la vogntoget gå gjennom uforstyrra, men bodet kom for seint, og folket der som hadde vorte paranoid på grunn av tidlegare forfølgingar, som nokon i vogntoget var kjene for å ha delteke i, slakta ned heile vogntoget med hjelp av paiute-indianarar. Young vart ein gong sikta for mord i saka, men han vart aldri dømd. Lokal-leiaren John D. Lee vart avretta på staden, som ansvarleg for massakren.

I tillegg til å grunnleggje Utah, organiserte Young òg Mormon Tabernacle Choir og grunnla University of Deseret i 1850 ( i dag University of Utah). Brigham Young University er kalla opp etter han.

Han praktiserte polygami, og hadde fleire koner. Han sørgde for bygginga av bygningane Lion House og Beehive House for seg og familien sin. Han oppheldt seg i Beehive House då han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]