Bruce Willis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bruce Willis
Bruce Willis.jpg
Bruce Willis i 2003
Fødenamn Walter Bruce Willis
Fødd 19. mars 1955 (59 år), Idar-Oberstein, Rheinland-Pfalz, Vest-Tyskland
Aktive år 1979 - d.d.
Ektefelle Demi Moore (1987-2000)
Emma Heming (2009-d.d.)

Walter Bruce Willis (fødd 19. mars 1955 i Idar-Oberstein i Rheinland-Pfalz i Vest-Tyskland) er ein tysk-amerikansk skodespelar.

Willis vart fødd på ein militærbase i Idar-Oberstein i Tyskland. Faren hans var amerikansk og mora tysk. Willis voks opp i Penns Grove i New Jersey. Sidan flytta han til New York for å bli skodespelar. Den første større rolla hans var i TV-serien Moonlighting (1985-89). Det store gjennombrota hans kom med filmen Die Hard.

Gjennom 1990-talet etablerte Willis seg som blant dei store stjernene i Hollywood. Han var allsidig og medverka i reine underhaldningsfilmar som Døden kler henne og Striking Distance, og dessutan biroller i «smalare» filmar som Pulp Fiction og Nobody's Fool. Willis har òg medverka i ei rekkje kritikarroste filmar, som blant anna Den sjette sansen, Twelve Monkeys og Sin City.

I 2006 fekk Bruce Willis si eiga stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Willis var gift med skodespelaren Demi Moore frå 21. november 1987 til 18. oktober 2000. Willis og Moore fekk tre born i løpet av ekteskapet: Rumer Glen Willis (fødd 1988), Scout LaRue Willis (1991) og Tallulah Belle Willis (1994).

Willis gifta seg på nytt med Emma Heming 21. mars 2009.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Seint på 1980-talet debuterte Bruce Willis òg musikalsk, ved å gje ut albumet The Return of Bruno. Albumet selde overraskande bra, spesielt etter at singelen Respect Yourself kom inn på Billboard topp 5 tidleg i 1987. Willis hadde seinare to andre moderate hitar, og spelte inn eit anna album to år seinare, men har sidan halde seg unna musikken, med unntak av nokre få framferder ved einskilde Plant Hollywood-restaurantar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 Classic Bruce Willis: The Universal Masters Collection
  • 1989 If It Don't Kill You, It Just Makes You Stronger
  • 1987 The Return of Bruno

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Willis har hatt ei mindre gjesterolle i TV-serien Venner for livet som «Paul Stevens», far til kjærasten til «Ross», «Elisabeth», og etter kvart som kjærasten til «Rachel» (i sesong 6 (2000))

Andre opplysningar[endre | endre wikiteksten]

  • Overtok som programleiar i The Late Show for ein sjuk David Letterman 26. februar 2003. Dette var den første sjukedagen til Letterman på 20 år, bortsett frå då han var borte for hjartekirurgi (Willis skulle eigentleg vere gjest i programmet).
  • Eig The Mint Bar og The Liberty Theater i Hailey i Idaho.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]