Bruksbasert fonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bruksbasert fonologi er fonologisk teori innanfor rammene av bruksbasert grammatikk, ei paraplynemning for fleire nærskylde lingvistiske teoriar. Viktigast frå ein fonologisk synsstad er den kognitive grammatikken til den amerikanske lingvisten Ronald W. Langacker (1942–) og teoriane som den amerikanske lingvisten Joan L. Bybee (1945–) har presentert sidan 1980-talet. Som namnet fortel, er det ein teori som byggjer direkte på språkbruk, som primært vil seie produksjon (snakking og skriving) og persepsjon (høyring og lesing) av språk, men også det å tenkje med eller på språk. All språkbruk kan karakteriserast som røynsle med språk, og den bruksbaserte fonologien kan definerast som ei kognitiv organisering av den lydlege sida ved denne røynsla. Denne kognitive organiseringa av røynsler med språk følgjer dei same prinsippa som kognitiv organisering av røynsler i det heile. Røynsle med språk byggjer direkte på språkbrukshendingar (engelsk usage events), det vil seie konkrete førekomstar av språkbruk. Den kognitive organiseringa av røynsler med språk følgjer dei same prinsippa i alle delar av grammatikken, og inneber kategorisering av brukshendingar.