Bryggens Museum
Bryggens Museum på Bryggen i Bergen står på tomta etter brannen som råka området i 1955. Det stod ferdig i 1976. Arkitekt var for museumsbygget var Øivind Maurseth som òg har teikna Radisson blu royal hotell (opphavleg SAS-hotellet) som ligg like ved museet. Museet vart tildelt arkitekturprisen Betongtavlen for 1980.
Museet inneheld funn frå arkeologiske utgravingar på branntomta. Desse er grunnlaget for den permanente utstillinga, som utgjer ein part av mellomaldersamlinga ved Universitetsmuseet i Bergen under Universitetet i Bergen. Saman med andre musé i Bergensområdet inngår elles Bryggens Museum i Bymuseet i Bergen.
I tillegg til den permanente utstillinga har museet òg skiftande årlege utstillingar. Til desse utstillingane er det som regel gitt ut ein katalog.
Skiftande utstillingar [endre]
- 1986-1987 Musikk og miljø - fra kirkesang til musikkselskap
- 1987-1988 ...med en skje at æde... - Hushold i Bergen ca 1100-1700
- 1989-1990 Slik skodde de seg... - Om sko og skomoter gjennom tidene
- 1991-1992 En salig rus? Rus og røyk, bruk og misbruk i historien
- 1993-1994 Fra tid til tid
- 1994-1995 Jerntid - fra blesteren til boreplattform
- 1995-1996 Menneskets ansikt. Motiver fra middelalder og renesanse
- 1999-2000 Med døden som følge