Bryggen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°23′51.004″N 5°19′23.977″E

Bryggen i Bergen
Foto: Nina Aldin Thune
Fotografiet av Bryggen frå 1866 syner det nære sambandet som det heilt fram til notida har vore mellom kaia og husa på Bryggen
Foto: Knud Knudsen
Typiske trehus på Bryggen i Bergen.
Her ser ein korleis husa er ordna langs trange gater innover frå kaia. Klippfisk og andre varer vart frakta inn og ut langs desse gatene fram til det rette huset, og ofte heist på plass i andre eller tredje høgda.
Husa som vart bygde etter at søre luten av Bryggen vart riven i 1901.

Bryggen i Bergen, eller Tyskebryggen, omfattar dei gamle hanseatiske trebygga i det sentrale Bergen. Dei er organiserte slik at dei ligg i rekker langsmed smale gater eller smau som går innover frå kaia, slik at den fronten av husgavlar som ein vanlegvis ser på fotografi av Bryggen, berre er den fremste av husa i kvar av desse husradane. Etter storbrannen 4. juli 1955 er det til saman 61 freda bygg att på Bryggen, som er teken med på UNESCO si liste over kulturarven i verda.

Bryggen var frå 1350 til 1754 sete for Det tyske kontor i byen og det sentrale knutepunktet for den hanseatiske handelsverksemda i Noreg, og vart kalla Tyskerbryggen heilt fram til midt på nittenhundretalet. Mariakyrkja i Bergen, som ligg rett i nærleiken av Bryggen, var i lang tid kyrkja til hanseatane, og hadde gudstenester på tysk.

Nord på Bryggen ligg Bryggens Museum, eit kulturhistorisk mellomaldermuseum som mellom anna har ei stor samling av gjenstandar og bygningsrestar etter dei arkeologiske utgravningane som har gått føre seg på Bryggen, og sør for Bryggen ligg Hanseatisk Museum med utstillingar som syner korleis hanseatanes liv og verksemd på Bryggen arta seg.

Panorama over Bryggen i Bergen. Dei seks husa til venstre på fotografiet, og husa bakom dei, er nye. Dei vart bygde etter den store brannen som herja Bryggen 4. juli 1955. Brannen gjorde det mogleg med omfattande arkeologiske utgravingar av grunnen under dei nedbrente husa.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Dei arkeoligiske granskingane etter brannen nord på Bryggen i 1955 har synt at det har vore bryggjer og langangsvòrar med lagerhus her heilt sidan tidleg i mellomalderen, og at den Bryggen som hanseatane bygde seg, soleis har gamle anar og i og for seg fylgjer eit planmønster som òg kjenneteikna dei eldste bryggjene. Etter kvar av brannanae og anna øydelegging som råka Bryggen, vart grunnen på branntomta og utover i fjøra fylt opp med brannrestar og med skrot frå byen før oppattbygginga tok til, og slik vart nivået høgare og strandlinja flytta utover i Vågen etter kvart. Desse laga med skrot hadde gjenstandar og bygningsrestar i seg som har gjeve arkeologane gode opplysningar om livet og verksemda både på Bryggen og i byen elles, og dei svarte laga etter kvar av brannane har vore viktige under dei arkeologiske utgravingane for å tidfeste gjenstandane etter om dei låg i, over og under brannlag. Tidfestinga kunne gjerast ved å samanhalde brannlaga med historisk kjende brannar.

Fram til 1901 gjekk Bryggen samanhangande heilt fram til den såkalla Kjøttbasaren attmed Dreggsalmenningen i sør, etter å ha vorte bygd opp att ein brann i 1702 som la heile Bryggen og mykje av byen i oske. Men i 1901 vart den søndre parten av Bryggen, mellom Nikolaikirkeallmenningen og Kjøttbasaren, rive ned og erstatta av høge byhus av mur i ei slags tillempa Bryggenstil, teikna av arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland. Men den sørlegaste av dei gamle hus hadde fått stå, og er no ein part av Det Hanseatiske Museum. Det har òg opp gjennom tidene vore på tale å rive resten av dei gamle husa på Bryggen og erstatte dei med morderne hus som mange i Bergen meinte var meir verdige ein storby, og ordskiftet om dette har vore intenst til tider. Men fredinga av Bryggen i si tid sette ein ende for denne diskusjonen.

Etter storbrannen nord på Bryggen 4. juli 1955, og dei påfylgjande store og langvarige arkeologiske utgravingane på branntomta, vart det bygd moderne hus her i 1980. Utforminga av dei husa som vart bygde med fasadane mot Vågen vart gjort som ein slags moderniserte kopier av dei som brann. Attom desse vart det bygd eit hotell med teglsteinsfasadar og høge saltak, som til trass for det moderne preget står i god i harmoni med resten av husa på Bryggen. Nordaust på branntomta, rett attmed Mariakirken, vart òg bygningen til Bryggens Museum reist i ein strekt avvikande stil. Stort sett er det semje om at dei nye bygningane fell inn i miljøet på ein arkitektonisk god måte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bryggen i Bergen