Universitetsmuseet i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei støtte av Wilhelm Frimann Koren Christie står framfor Universitetsmuseet i Bergen, bygningen for dei naturhistoriske samlingane (Naturhistorisk museum). Bygningen er ved Johan Henrik Nebelong.
Bygningen for dei kulturhistoriske samlingane (Historisk museum).

Universitetsmuseet i Bergen, som frå 30. september 2011 er namnet på den institusjonen som til dess heitte Bergen Museum, opphavleg Bergens Museum, vart stifta i 1825. Alt fra starten av vart det teke sikte på å byggja opp eit naturhistorisk og kulturhistorisk museum som famna vidt. Museet var grunnlaget for etableringa av Universitetet i Bergen i 1946, og har sidan vore ein del av universitetet.

Museet har to bygningar på Nygårdshøyden sentralt i Bergen by, og eit arboret (det vil seie eit område tilplanta med tre frå ulike land og klimasoner) med ein botanisk hage i landlege omgjevnader på Milde sørvest i Bergen kommune.

Avdelingar[endre | endre wikiteksten]

Dei kulturhistoriske samlingane[endre | endre wikiteksten]

Dei kulturhistoriske samlingane, som tidlegare vart kalla «Historisk museum» og held til i ein bygning frå 1927, teikna av bergensarkitekten Egill Reimers, tek føre seg etnografisk, arkeologisk og kunst- og kulturhistorisk materiale, og har mellom anna ei av Noregs viktigaste samlingar av kyrkjekunst frå mellomalderen. Seksjon for ytre kulturminnevern ved Dei kulturhistoriske samlingane har forvaltingsansvaret for fornminna i dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, og for Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke, og står for arkeologiske utgravingar og granskingar.

Den arkeologiske mellomaldersamlinga ved Bryggens Museum i Bergen høyrer òg til Universitetsmuseet i Bergen.

Dei naturhistoriske samlingane[endre | endre wikiteksten]

Dei naturhistoriske samlingane, som tidlegare vart kalla «Naturhistorisk museum», femner om samlingar innanfor geologi, zoologi og botanikk, og held til i ein bygning frå 1865, teikna av den danske arkitekten Johan Henrik Nebelong frå København, og med planter og tre i ein hage og eit veksthus attmed denne bygningen.

Arboretet[endre | endre wikiteksten]

Botanisk hage i Bergen.

Arboretet og Botanisk hage på Milde sørvest i Bergen kommune er òg ein del av Universitetsmuseet i Bergen. Her er det samla planter og tre frå Noreg, Europa og andre område, og mellom anna laga til ein vidgjeten rhododenronhage.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bergens Museum vart grunnlagt i 1825 med stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849) som ein av grunnleggjarane. Christie tronar i dag på støtta si på Muséplass på Nygårdshøyden, der han ser ned mot sentrum av byen. Med sin sosiale posisjon og entusiasme var Christie viktig for å skapa gjevarglede og godvilje for det nye museet. Dei store museumsbygga, slik dei framleis står i dag, vart reiste i løpet av 1860-åra. Allereie på denne tida vart det tala om at museet skulle arbeida for «... opprettelsen av en vitenskapelig høyskole for Vestlandet i Bergen».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Universitetsmuseet i Bergen