Bryllaupet mellom prins William og Kate Middleton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bryllaupet mellom prins William og Kate Middleton fann stad 29. april 2011 i Westminster Abbey i London. William, som er nummer to i arvefylgja til den britiske trona og til det britiske samveldet, møtte Kate Middleton for fyrste gong i 2001, då han og Kate studerte ved University of St Andrews. Trulovinga vart inngått 20. oktober 2010 og kunngjort 16. november same år.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Brura var Catherine, hertuginne av Cambridge, tidlegare kjend som Kate Middleton, og brudgommen var prins William, hertug av Cambridge, tidlegare kjend som prins William av Wales. Trulovaren til brura var den yngre systera hennar, Philippa Middleton, kjend som Pippa. Trulovaren til brudgommen var hans yngre bror prins Henry, kjend som Harry. Det var heile tre prestar som heldt vigsla; Domprosten i Westminster, biskopen av London og erkebiskopen av Canterbury, Rowan Williams. Sistnemnte stod for sjølve vigsla.

Gjestelista[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1900 gjestar var inviterte til bryllaupet. Mellom dei var sjølvsagt den britiske kongefamilien og Kate Middleton sin familie, og saman med vener av brura og brudgommen utgjorde dei over halvparten av gjestelista. Elles var ei rekkje kongelege frå andre land, fleire militære tenestemenn, statsoverhovud, sentrale politikarar, representantar for Williams veldedige organisasjonar og nokre utvalde kjendisar inviterte. Også postmannen, pubeigaren, slaktaren og fleire andre frå Buckleberry, heimbyen til Catherine, skal ha fått invitasjon.

Kjendisar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av kjendisane som deltok var David og Victoria Beckham, Guy Ritchie, Elton John og komikaren Rowan Atkinson.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Etter bryllaupet fekk Catherine Elizabeth Middleton, kjend som Kate Middleton tittelen Hertuginne av Cambridge. Prins William Arthur Philip Louis av Wales fekk i tillegg til tittelen Prins av Wales, titlane Hertug av Cambridge, Greve av Strathearn og Baron av Carrickfergus.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]